Bistandsprosjekt

Kamam Folk High School 

Sunnfjord Folkehøgskule har  i samarbeid med KM Global sidan 2014 vore aktivt med på å starte og drifte Kamam Folk High School i Batticaloa på Sri Lanka. Tidlegare rektor ved skulen, Jorun Gjengedal Knapstad var den gongen gudmor for skulen. Kamam rekrutterer dei fleste studentane frå fattige kår mellom tamilar i nærområdet. På Kamam har elevane fått opplæring i engelsk, fotoundervisning, leiartrening og bevisstgjering i kjønnskamp. Fleire elevar frå Kamam har og seinare vorte elevar ved Sunnfjord Folkehøgskule. Etter coronapandemien har skulen dessverre ikkje starta opp att. I januar 2024 var fleire elevar, tilsett og rektor på besøk/studietur til Sri Lanka. Der hadde vi mellom anna møte med, leiar i YMCA Sri Lanka, Fernando Niranga.  

Det er no konkrete planar om å starte opp att Kamam Folk High School. I tråd med gammal tradisjon frå den norske folkehøgskulerørsla ynskjer dei å justere fagplanane slik at elevane kan  velje fag som er meir yrkesretta. Fram til langt ut på 1990 talet var det ein sjølvsagt del av tilbodet på Sunnfjord Folkehøgskule. 

Makalus Dream School 

Sidan vinteren 2020 har Sunnfjord Folkehøgskule støtta Makalaus Dream School som er ein skule for 15 utviklingshemma. Sidan det ikkje var drift på Kamam rådde Fredrik Glad Gjertnes, leiar for KM Global, oss til å  støtte Makalaus Dream School inntil Kamam kom i drift att. 

Elevar og tilsette har besøkt Makalaus sin skule i Panumugama/Negombo i mars 2023 og no sist i januar 2024. Tre tilsette driv eit fantastisk flott tilbod til ein til dels krevjande elevflokk. Sist i januar 2024 møtte vi og heile foreldregruppa. Det var eit svært hyggeleg og emosjonelt møte. Desse elevane får ikkje noko anna tilbod enn ordinær undervisning utan noko form for tilrettelegging på skulen i Sri Lanka.  

Sunnfjord Folkehøgskule er i dialog med KM Global og andre støttespelarar til deira arbeid i Sri Lanka om korleis vi skal klare å oppretthalde støtta til Makalus Dream School samtidig som vi får starta opp att Kamam Folk High School. To viktige aktørar i dette er Sogn og Fjordane KFUK/KFUM og speidargruppa frå Brønnøysund. 

I tillegg er alle elevane på skulen aktive i våre bistandsprosjekt.

Kontonummer for Kamam-prosjektet: 3705 09 47778

Vipps-konto for Kamam-prosjektet: #89841

Vi arbeider kontinuerleg med å skaffe midlar for å halde Kamam Folk High School i drift. Her er to nye tiltak der alle skulen sine venner kan vere med å bidra:

Denne videoen presenterer Kamam Folk High School slik den framstår i haustsemesteret 2015.

Åpning av ny skule
Sunnfjord Folkehogskole Bistand Kamam

Frå opninga av kamam Folk High School. Kjekt å bli heidra på denne måten!

Fellestur
Sunnfjord Folkehogskole Bistand Fellestur

Skulen har tidlegare arrangert ei reise for alle elevane til Sri Lanka og Kamam Folk High School.

Restaurering
Sunnfjord Folkehogskole Bistand Hovedbygning

Bygningane og skuleområdet på Kamam Folk High School har blitt restaurert etter at vi starta samarbeidet.

Kjøp gåvebrev, gje bort ei gåve med meining!

Vi har alle våre bekjente som har alt, og vi slit med å gje bort noko meiningsfullt, anten det er til jul, fødselsdag eller mors- og farsdag. Her ei løysing: Gje bort ferdig betalt skulegang for ein elev på Kamam FHS! Støtt nokon som treng ei gåve, og gje meining til den som har det meste.

Eksempelvis kostar det kr 500,- å halde ein elev på skulen i ei veke. Då får dei kost og losji i tillegg til skulegang. Dei fleste av elevane er stipend-elevar, det vil seie at dei ikkje har penar til å betale for skulegangen. Dei er avhengige av at dei får dekka dette via eit stipend dei kan søkje på. Du kan vere med og gjere dette stipendet tilgjengeleg slik at dei kan fylle opp alle dei 32 internatplassane på skulen.

Du kan kjøpe gåvebrev pålydande 200 kr, som tilsvarer tre dagars skulegang, 300 kr for fire dagar, eller 500 kr for ei vekes skulegang for ein elev. Gåvebreva kan du laste ned her:

Tre dagar – kr 200,-

Fire dagar – kr 300,-

Ei veke – kr 500,-

Beløpet skal overførast til konto 3705 09 47778