Beach & volleyball
Vil du spele beachvolleyball og volleyball? Hos oss skal du få trene med ball nesten kvar dag! Gjennom trening, kampar og turneringar skal du få oppleve idrettsglede og meistring både i sanden og i idrettshallen.
Beachvolleyball:
Beachvolleyball har prioritet tidleg på hausten og på slutten av vår-semesteret, samt på studieturane til Gøteborg og Rio de Janeiro. Skulen har to nye beachbaner 50 meter frå internatet. I tillegg har vi eit stort og fint anlegg i Hafstadparken berre ein kilometer frå skulen, med fire baner.
Volleyball:
Strand &; Volleyball samarbeider tett – og har det meste av undervisninga saman med – Volleyballinja. Vi skal spele i 2.divisjon og delta på ulike turneringar.
Har du erfaring fra elite- eller juniorlandslag? Sunnfjord IL kan tilby overbyggingsavtale med Førde VBK, som er ein av dei sterkaste eliteserieklubbane i Norge
På Volleyball-linja forventar vi at du ønskjer å utvikle dine ferdigheiter og kunnskap om volleyball. Det vert høg treningsbelastning og ein hektisk kvardag. Vi er ikkje opptatt av kva nivå du har i dag. Hos oss er alle velkomne uansett erfaring!
Volleyballinja har profesjonelle trenarar som har lang erfaring med å tilpasse trening til ulike nivå. Idrettsglede, meistring og lagspel er sentralt i alt vi gjer. Vår visjon er ikkje kun å undervise i volleyball, men å inspirere, motivere, å utvikle menneske både på og utanfor bana. Med andre ord: Menneske først, så volleyball.
Som elev på Volleyball vil du få tilgang til treningsstudio på skulen. Du vil få eit styrkeprogram tilpassa for volleyball og oppfølging av fysisk trenar. Om du vært skada vil du også få oppfølging på opptrening av fysioterapeut.
Inkludert i prisen er studietur til Benidorm i Spania. Skulen tilbyr også studietur til Rio de Janeiro i Brasil. Under kan du lese meir om dei to alternativa:
Alternativ 1:
Treningsleir i Benidorm, Spania. Vi har eit tett samarbeid med Move Your Association (mya.no) som gir oss tilgang til dei beste idrettsanlegga i området. På treningsleiren kombinerer vi volleyball med beachvolleyball. Der skal vi spele treningskampar mot lokale klubbar. Du skal også få lære av, og bli godt kjøpt med den dyktige trenaren Raul Mesa. Denne turen er inkludert i linjeprisen.
Alternativ 2:
Treningsleir i Rio de Janeiro i 2 veker. Her skal du få trene beachvolleyball på Copacabana saman med profesjonelle trenarar frå Rio. Vi skal også spele innandørs volleyball mot lokale lag. Det blir hektiske og innhaldsrike dagar i eit varmt og behageleg klima. Denne turen kostar kr. 15.000 ekstra.