Volleyball

SONY DSC

Fakta om linja

  • Mykje trening
  • Teknikk trening
  • Puls Førde treningsinstitutt
  • Studieturar til Brasil og Sri Lanka

Vil du satse fullt på volleyball i eitt år?

Er du motivert for å trene mykje?

Vil du kombinere toppsatsing med eit spennande år i folkehøgskulen? 

På volleyballinja er det balltrening kvar dag, styrketrening på Puls Førde, KM, seriespel, skule-NM og turneringar i inn- og utland. Sunnfjord Folkehøgskule er kjent som volleyballskulen i Norge, og har profesjonelle trenarar frå Canada og Norge.

Volleyball og seriespel har hovudprioritet, men du kan også trene beachvolleyball i Sunnfjordhallen med brasilianarane Marcelo Penner og Daniel Lira. Sunnfjordhallen er ein oppvarma spesialhall for sandidrettar med tilnærma strandmiljø.

_MG_9720

Europacupkamp i Førdehuset. Lars Magnus Kaasa i angrep mot russisk blokk. Kaasa gjekk fleire år på volleyball linja på Sunnfjord folkehøgskule og spelte for Førde vbk sitt elitelag.

Studieturar til Brasil og Sri Lanka

Treningsleir/studietur i Rio de Janeiro, Brasil, om hausten. og Sri Lanka om vinteren.

I Rio bur og trener du på Copacabana, verdas mest berømte strand. les meir om Brasil-turen her og om  Sri Lanka-turen her.   Ein del av Sri Lanka-reisa er saman med dei andre linjene på skulen. Denne turen er frivillig.

Førde vbk – Sunnfjord IL – overbyggingsavtalar

Førde vbk og Sunnfjord i.l. har lag på følgande nivå;

– Elite kvinner
– Elite menn
– 1. div. menn
– 2. div. kvinner – fleire lag
– 2. div. menn – fleire lag

Sunnfjord i.l. har lag i 2. div. kvinner og menn. Held du elite eller 1. div. nivå har Sunnfjord i.l. overbyggings-avtale med Førde vbk eller andre klubbar i elite og 1. div. Førde vbk vart stifta i 1974 og er i dag ein av dei sterkaste eliteserieklubbane i Norge.

Skule-NM (MVGS)

Sunnfjord fhs har som målsetting å ta medaljer i MVGS (skule NM) kvart år.

Gutelaget tok gull i 2017! Det er vi veldig stolte over!

SONY DSC

Sunnfjord sitt herrelag tar gull i NM MVGS i Stavanger 31. jan. 2016.

Solidaritetsprosjekt

«Sol-systemet» er skulen sitt  solidaritetsprosjekt. Gjennom ulike prosjekt (arbeid, dugnad, innsamlingar, lotteri, julemesse o.a.) samlar elevane inn pengar til skular og bedrifter i Brasil og Sri Lanka. Volleyball linjene samarbeider med 70-80 familiar om tomflaskeinnsamling gjennom heile skuleåret.

Volleyjubel_NEtt_5740383a

25. september 2014: Sunnfjord fhs elevane jublar etter å ha spelt verdas lengste volleyball kamp. 24 volleyball elevar spelte 90 timar i strekk og sette ny Guinness World Record.

 

Sunnfjord fhs har vunne skule NM 5 ganger. Første gang i 2000. Sist i 2012.

 

IMG_1792

På skulebesøk i Belem, Brasil.

DSC00245

Club Kastalia, Alanya, Tyrkia.

Styrketrening

Fysioterapi behandling og styrketrening på Puls Førde. Nytt stort treningsinstitutt i Førde sentrum der du er medlem. Ope 05-24.

Samarbeid på tvers av linjene

Volleyball og Beachvolleyball linjene samarbeider om ;
–    Felles klassens time.
–    Puls Førde styrketrening.
–    Felles reiser til turneringar i Norge.
–    NM vid. skule (miks-, jente- og gutelag).
–    Felles utanlandsturar  – bur saman.
–    Trenar 1 utdanning
–    Felles turneringar i Beach fotball, Beachvolleyball, Fotvolley, Hooverball, Peteca og Volleyball.

 

Papegøye

Volleyball folket besøker ein familie ved ei elv i Amazonas.

IMG_1201

Posto 1, Copacabana.

DSCF2024

Sunnfjord spelar treningskamp mot Botafogo i Rio de Janeiro.

DSCF2010

Jente- og gutelaga til Botafogo og Sunnfjord. Botafogohallen, Rio de Janeiro, mars 2014.

Spesialtrening. På skulen kan du få tilbod om spesialtrening som valfag libro, valfag oppleggar og valfag hoppserv.

puls

Frå Puls Førde, som Sunnfjord Folkehøgskule samarbeider med.

 

Alle elevane på skulen er med på fellesprosjekt. Det fører til at noko av linjeundervisninga går ut enkelte dagar og periodar. Døme på fellesprosjekt er musikaloppsetting, bistandsprosjekt og andre temadagar.

 

Matchball skule-NM 2012. Film: Nils Edvin

Matchball skule-NM 2010. Film: Martin Olsen

Fakta om linja

  • Mykje trening
  • Teknikk trening
  • Puls Førde treningsinstitutt
  • Studieturar til Brasil og Sri Lanka

Vi reiser til

Linjelærarar

Marcelo Penner

Marcelo Penner

Han er fødd i Belem i Amazonasområdet nord i Brasil og har bakgrunn som profesjonell sandvolleyballtrenar gjennom 8 år i Rio de Janeiro. Der han har trent alle de beste brasilianske laga, mellom andre Guilherme og Para, men også Larissa, som i dag er rangert som ei av dei beste kvinnelege spelarane. Penner starta samarbeidet med Sunnfjord Folkehøgskule i Rio de Janeiro i 2003, har vore tilknytta Toppvolley Norge frå 2006, og vore tilsett ved Sunnfjord Folkehøgskule 2008-2010 og no frå 2012.

+47 97 13 97 12

Todd Johnson

Todd Johnson

Frå Torquay, Saskatchewan, Canada. Utdanning i Canada og Norge. College volleyball for Briercrest Clippers, Canada. Spelt for Mosjøen vbk, Sortland vbk og Kristiansund vbk i eliteserien. Cupmeister for Kristiansund vbk 2005 og 2007. 196 cm høg. Oppleggar. Flytta til Førde i 2014. Han er gift med Kristy - også frå - Canada, som er lærar på Events Festivals. Dei har to barn.

+47 99 27 90 19

 

Nyheiter

Nyheiter fra årets linje: Volleyball

Årets store kulturhending på Sunnfjord Folkehøgskule

17. november er datoen for årets store kulturhending på Sunnfjord Folkehøgskule. Vi skal fylle store scena på Førdehuset med elevar, og forhåpentleg heile salen med publikum.

Les meir

Reiser til Brasil for å lære volleyball

Elevar på Sunnfjord Folkehøgskule reiser til Brasil for å lære volleyball. Det er jo like opplagt som at andre reiser til Norge for å lære å gå på ski. Brasil er volleyballen sitt heimland!

Les meir

Gulfeber i Brasil

Det er registrert uro om gulfeber i Brasil. Truleg ikkje relevant for våre reiser.

Les meir

Til toppen