Studieturar 2017-2018

OBS: Sida er under omarbeiding for skuleåret 2018-2019! Kom tilbake i løpet av oktober, då skal vi vere på plass med oppdatert stoff.

Ta kontakt med skulen på kontor@sunnfjord.fhs.no eller bruk kontaktinfo dersom du vil ha kontakt vedrørande inneverande semester.

Vi arrangerer studieturar til ulike reisemål som er spennande og som utfordrar oss. Alle linjene på skulen reiser på studietur til utlandet, og fleire av linjene har reisemål i vårt eige unike heimland. Vi samlar inntrykk, opplevingar og erfaringar frå heile verda.

Studieturen er ein viktig del av undervisningsopplegget på linja, og turen er avhengig av linjevalget ditt.

Reiseforsikring er inkludert for alle våre elevar. Den dekker ikkje ekstremsportar og risiko-aktivitetar som fallskjerm, vannskuter, strikkhopp m.m. Den dekker alle aktivitetar som skulen legger opp til.

Skulen sine reglar gjeld også på reisene.

Våre studieturar er obligatoriske og knytta til linja du går på. Du kan ikkje velje annan tur enn den som er knytta til linja.

OBS: Vaksinering

Du er sjølv ansvarleg for å ta dei vaksinene som trengs i god tid før turen. Ta kontakt med din lege eller sjekk Folkehelsa for råd om kva vaksiner du bør ta.

Skulen har ikkje medisinsk kompetanse og gir ikkje råd om vaksinering.

Vaksiner er ikkje inkludert i skulen sine prisar.

Viktig: 
Det kan oppstå endring i planane og for prisane for utanlandsturane av ulike grunnar som er vanskeleg å kontrollere.
Slike årsaker kan vere valutaendring, lokale forhold på reisemålet, og det kan vere at gruppa som reiser blir mindre enn forventa.


Til toppen