Stor suksess med elevtreff

Korleis kan ein finne ut om ein har lukkast med eit skuleår? Kanskje ved å sjå på tal påmeldte på elevtreff?

Kvart år arrangerer Sunnfjord Folkehøgskule elevtreff for fjorårs- og femårselevar.

Helga 26.-28.januar arrangerte var det igjen duka for treff på skulen. Dette vart som tidlegare ein kjempesuksess, der heile 55 av fjorårselevane kom på besøk, i tillegg til ein fin gjeng frå 2019-kullet.

Dagane var fylt med mykje moro, blant anna med "Best of" på fredagskvelden der både årets og fjorårets elevar bidrog til 3 timar(!) med fantastisk sceneunderhaldning. Laurdagen var det innimellom alt sosialt samvær tid til ei sangstund med musikklærar Erlend Os. Tusen takk til årets stipendiatar for god planlegging og ikkje minst  eit godt gjennomført arrangement. Stor takk og til alle elevane som kom og gjorde helga minnerik for alle. Det er gledeleg at "Sunnfjord Family" vekst for kvart år som går.