Dans Idrett Brasil

Fakta om linja

  • Jazz/Contemporary
  • workshop
  • Musikal
  • Samba
  • street Dance, HipHop
  • Commercial Dance
  • Danse forestilling
  • Koreografiarbeid
  • Idrett
  • Treningssenter
  • CrossFit
  • Rafting, Surfing
  • Klatring
  • Styrke/Variasjonstrening Streching
  • Anatomi, fysiologi og ernæring

Dans Idrett Brasil er linja for deg som vil ha eit år med dans,  idrett og reise. Eit år der du kjenner at hjartet pumpar, sveitten renn og at kroppen blir i betre form. Du får oppleve kulturforskjellar og impulsar frå andre sida av jordkloden med studietur til Brasil.

Eit år på Dans Idrett Brasil vil innehalde:

  • Faste dansetimar innanfor Jazz, musikaldans, ballett, Street Dance, Contemporary og moderne
  • 2 store dansesalar med speil, ballett-barrer, godt musikkanlegg og kvalitetsgolv
  • Eigen danseførestilling
  • Du kan ta eksamen i ballett
  • Skulen set kvart år opp ein fullskala musikal
  • Trening i innandørs oppvarma sandhall året rundt
  • Trening på treningssenter/CrossFit senter
  • Studietur til London der vi ser West End-musikalar og tar danseklasser.
  • Studietur til Brasil der vi har privat instruktør i samba. Vi tar også danseklasser ved dansestudioet Centro de Artes Nòs de Danca.
  • Faste treningar på sandstranda Copacabana med mange forskjellige sandidrettar + Surfing, Body Board, stand up paddling m.m

Studieturar

På hausten reiser Dans Idrett Brasil på studietur til London og Rio de JaneiroLes meir om turen til London og Rio de Janeiro her. I februar reiser vi på studietur til Sri Lanka samtidig med dei andre linjene. Les meir om Sri Lanka-turen her! Sri Lanka-turen er frivillig.

Danseforestilling

Linja har eigen danseforestilling og er svært delaktig i skulen si store musikalsatsing.

Andre veker har vi f.eks. prosjekt saman med fotolinja på skulen. Då får du som danselev erfare korleis fotoshoots fungerer, og vi lagar filmar av dansar/aktivitetar på linja.

Vi har fantastisk natur rundt oss her på Sunnfjord Folkehøgskule. Høge fjell, fjordar, sjø, dalar og skog. Dette skal vi bruke til å inspirere oss og lage nye spennande prosjekt. Det blir ei fantastisk utescene for oss når vi skal jobbe saman med fotolinja!

Vi har gode fasilitetar for idrett og aktivitetar ved Sunnfjord Folkehøgskule og i Førde. Eigen gymsal, innandørs sandhall, dansesalar, klatrevegg, tilgang til treningsstudio, crossFit senter, svømmehall og ikkje minst Hafstadparken:

Workshop

Vi har kvart år fleire instruktørar som kjem innom skulen for å har workshops i ulike dansestilar. Ein som kjem ofte, er Liam Pentland. Liam kjem frå Manchester i England og er utdanna profesjonell dansar. Han underviser commercial dance/street dance/HipHop. Han har brei erfaring som dansar, danseinstruktør og koreograf. Liam vil garantert gi deg heilt nye impulsar og du vil lære nye teknikkar og dansestilar. Svært dyktig!

I Brasil er det Carol Villenova som har workshop i samba for klassen. Ho er profesjonell sambadansar og svært dyktig dansar og pedagog. Her kan du sjå film av Carol som dansar samba saman med sin partner Rodrigo Marques.

Dansehuset

På Sunnfjord Folkehøgskule har vi eit eige dansehus. Her er det to lyse og flotte dansesalar med kvalitetsgolv for dans, lyd anlegg og lange speilveggar. I dansehuset finner du også kostymelager og kinoloftet. Det er altså god plass til å utfolde seg både i skuletida og på fritida.

Dansemiljøet i Førde

I tillegg til alle dansetimane du får på linja, har du også muligheit for å ta danseklasser ved den lokale danseskulen Danseverkstedet, GRATIS! Danseverkstedet bruker dansesalane på Sunnfjord folkehøgskule til ettermiddags/kveldsundervisning. Her underviser dei i ballett, Jazz, moderne, contemporary, Hip Hop og musikaldans. Det er også muligheit for å melde seg opp til eksamen i Ballett og følgje denne klassen gjennom året!

Coaching

Som eit av mange mål i løpet av året skal du kunne undervise ein danseklasse for barn/ungdom når du er ferdig på Sunnfjord Folkehøgskule. Her får du coaching i  korleis du kan planlegge og lage ein danseklasse som passer for barn og ungdom i forskjellig alder. På slutten av året skal du kunne lage ei oppvarming, tekniske øvelsar, uttøying og ei danserutine til din eigen danseklasse. Vi har også eigne koreografiprosjekt i klassen, saman i gruppe eller individuelt.

Musikal førestilling

Sunnfjord Folkehøgskule satsar stort på musikalframsyningar. Dei siste tre åra blei Hairspary, Fame, Grease og High School Musikal sett opp.

Skuleåret 2016/2017 blei musikalen Fame sett opp av elevar ved hjelp av profesjonelle instruktørar innanfor musikk, dans og teater. Musikalen blei framført på Førde si store scene med 600 sitteplassar i amfiet. Med over mange hundre som var innom for å sjå musikalen, kan ikkje vi kalle dette anna enn suksess.

Under ser du bilete frå `HIGH SCHOOL MUSICAL` og trailer av DVD som blei laga.

 

Kva krever eit år på Dans-Idrett-Brasil av deg?

Du ønskjer ein kvardag fylt med aktivitetar og allsidig trening. Kjenne at kroppen jobbar både i og utanfor komfortsona. Det at kroppen er sår, stiv og støl er ein del av kvardagen. Men du både kjenner og føler framgangen, noko som gir meir motivasjon!

 

Her er fleire bilete frå aktivitetar og oppsetningar:

Fakta om linja

  • Jazz/Contemporary
  • workshop
  • Musikal
  • Samba
  • street Dance, HipHop
  • Commercial Dance
  • Danse forestilling
  • Koreografiarbeid
  • Idrett
  • Treningssenter
  • CrossFit
  • Rafting, Surfing
  • Klatring
  • Styrke/Variasjonstrening Streching
  • Anatomi, fysiologi og ernæring

Vi reiser til

Linjelærar

Anders Alvaro Nydal

Anders Alvaro Nydal

Anders er utdanna ved The Hammond School of Dance and Musikal Theater, i Chester England. Han har vore med på fleire operaforestillingar ved Opera Nordfjord og fleire musikalprosjekt som dansar og koreograf. Etter fleire år som freelancedansar, koreograf og danselærar ved fleire kulturskular og dansestudio, starta Nydal eit samarbeid og stifta i 2011 (til 2013) Nordfjord Performing Arts Academy på Nordfjordeid. Dette var eit danseakademi for born frå 4 år til og med vaksne. Anders har også vore aktiv innan mange ulike idrettar som fotball, handball og friidrett. Anders har hatt koreografi på musikalen Grease ved Sunnfjord Folkehøgskulen. Han har også Regissert og koreografert musikalene High School musical og FAME the musical.

+47 95 36 33 48

 

Nyheiter

Nyheiter fra årets linje: Dans Idrett Brasil

Årets store kulturhending på Sunnfjord Folkehøgskule

17. november er datoen for årets store kulturhending på Sunnfjord Folkehøgskule. Vi skal fylle store scena på Førdehuset med elevar, og forhåpentleg heile salen med publikum.

Les meir

Hildegunn blei elevrådsleiar

Etter eit uvanleg spennande val, enda Hildegunn Weum opp som elevrådsleiar – med kun ei stemmes overvekt.

Les meir

Dans Idrett Brasil på tur i – nettopp – Brasil

Eit lite reisebrev frå Dans Idrett-gjengen som er i Rio de Janiero. Beachvolleyballen er heime på strendene i Rio, så det er absolutt på sin plass å ta sine økter!

Les meir

Til toppen