Undervisning

Undervisning

Timeplan

Vi legg opp timeplanen slik at linjetimane (14 timer pr veke) og fellesfaga (9 timer pr veke) ligg fast på timeplanen. Du skal i tillegg velje to eller tre valfag (4 eller 6 timar pr veke).

All undervisning og fellesarrangement er obligatoriske.

Fellesfag

Obligatoriske fag som elevane har saman. Undervisninga foregår i auditoriet som er godt utstyrt med audiovisuelt utstyr.

  • Dagsnytt
  • Prosjekt
  • Vekestart
  • Kommunikasjon
  • Kristendom
  • Multifag
  • Kor
  • Allsang
  • Verdifag

Valfag

Ulike faglærarar gir mange valfag. På Sunnfjord Folkehøgskule har vi eit vidt spekter av valfag du kan velje mellom.

Du kan bruke valfaga til å velje større variasjon i fagplanen din, eller du kan velje fag som går i same retning som linjefaget ditt og dermed styrkar di eiga fordjuping.

Du vel valfag ved skulestart og ved nyttår. Her følger ei liste over faga vi har hatt i det siste: (Lista varierer frå år til år, så dette er å rekne som eksempel):

Aksjonsforskning

Du lærer ein enkel forskningsmetode som skal føre til at folk endrar på korleis ein tenkjer eller handlar i det daglege. Glimrande dersom du er litt samfunnsengasjert.

Band

Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.

 

Dans

Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.

 

Fotball

Fotball på mosjonistniva på kunstgrasbane. Lærar som har vore aktiv fotballspelar.

 

Fridykking

Lær å dykke utan å bruke lufttank. Vi bruker kun våtdrakt, maske, snorkel og svømmeføtter. Prisen dekker sertifisering leige av basseng til øvingsbruk. Skulen stiller med det meste av utstyret.

Havkajakk

Lære å beherske kajakken på forden og ved kysten. Kameratredning. Ein fin måte å drive friluftsliv!

Internasjonal matlaging

På vår skule har vi lærarar frå mange land. Desse tek med seg sine mattradisjonar, noko du vil ha stor glede av i dette valfaget. Ein betaler for råvarer til matlaginga. Prisen kan variere litt.

Kanopadling

Du får kurs med sertifisering. Padling på flotte fjellvatn. Beste sort friluftsoppleving!

Klatring

Vi har klatrevegg på tolv meters høgde. Brattkort-sertifisering er inkludert i kurset. Skulen stiller det meste av utstyret til disposisjon.

Matauk

Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.

Sandsport

Variert idrett i landets finaste sandhall, som er oppvarma til heilårsbruk. Brasiliansk trenar som underviser i mange forskjellige sandidrettar.

Sandvolleyball

Vi har landets finaste sandhall som er oppvarma til heilårsbruk. Topp kvalifisert lærar.

Solidaritet og bistand

Vi organiserer skulen sitt bistandsarbeid. Du lærer å motivere andre til å engsjere seg, og du lærer korleis vi organiserer «foundraising» og aksjonar.

Gitar

Fordel å ta med eigen gitar, men ikkje nødvendig.

Minikor

For den som liker å synge. Har viktig funksjon i musikalen.

Regi/drama

Jobbar frm imot musikaloppsettinga.

Musikal

Vi set opp ein fullskala musikal for elevane ved alle linjene. Du bidreg med det du kan – eller det du ikkje visste at du kunne!

Sjå film frå valfag fridykking

Sjå film frå valfag havkajakk

 

Laurdagsseminar

Alle folkehøgskulane har undervisning de fleste av laurdagane. Hos oss er dette lagt opp som frittstående seminar, gjerne av praktisk karakter. Det hender at vi hentar inn gjestelærarar for å arbeide med spesielle tema. I løpet av året er vi innom mange ulike tema.

Dette vil variere år for år, og denne lista er meint som eksempel  frå dei siste skuleåra:
Førde Opp – mosjonsløp, Globalt medborgerskap, Førstehjelp, Solidaritetsarbeid, Tekstverkstad,  Swingkurs, Yrkeskafe, Memoreringsteknikk, Spel og strate gi m.m.

Til toppen