Sunnfjordhallen er ein av landets beste innandørs sandhallar for sandvolleyball og andre sandidrettar. Fleire linjer ved Sunnfjord Folkehøgskule bruker hallen (sjå under), og den kan leigast av andre etter avtale. Meir info og booking på:

Reglar for bruk av hallen

Linjer og læringsprogram som bruker hallen dagleg:

Kanskje landets beste sandhall med undervarma sand.

13230240_1066360303460890_3205119234032278256_n

Klatreveggen på Vie er 12 meter høy og 14,5 meter bredd

 

Ny Guinness-rekord: Verdas lengste sandvolleyballkamp 2014

13. september blei det sett ny Guinness-rekord i Sunnfjordhallen Beach Senter, den lengste sandvolleyballhallen i verda blei slått med ein halv time. Kampen blei avblåst på 26 timar og 10 min.

Les meir om hendinga!

_MG_2292

Ingvild Gilje og Ane Spurkeland rett etter verdsekordkampen på over 26 timar, sett 13. november 2014.

 

Dette er også Førde!

_MG_2218

Vi har no gjort om Sunnfjordhallen frå industrihall til staden du drøymer om når termometeret kryp nedover.  Eit 180 kvm stort (26 m x 7 m) bilete trykt på polyesterduk blei hengt opp i starten av november. Vi håper at dette skal gjere hallen til ein endå meir attraktiv stad å vere.

Les meir om forvandilinga av Sunnfjordhallen!

Ny ball-kanon i 2014

Idrettslaget ved Sunnfjord Folkehøgskule har kjøpt inn ein ball-kanon som gjer Sunnfjordhallen endå meir attraktiv enn før. Denne kan serve ballar i den hastigheita som passar for nivået, og ein kan variere rotasjon og skru. Ikkje minst sparer det ein trenar for betydeleg armslitasje! Dessutan kan ein trene mottak utan å inneha spisskompetanse på serving på kvar trening.

MVI_2028

Fleire ballar gir større intensitet på treninga.

_MG_2013

Daniel Lira matar ball-kanonen med ballar. Jentene på Beach Sport ved Sunnfjord Folkehøgskule trener.

_MG_2062

Ball-maskina aukar treningseffekten betydeleg ved at intensiteten og kvaliteten på øktene blir annleis.

_MG_2046

Når kvaliteten på treningsøktene blir betre, vil dette vise seg att på spelarane sine prestasjonar på bana.

_MG_2122

Dei tøffaste får servert ballar i ein hastigheit på bortimot 100 km/t. Det er få som kan få trene så ekstremt, fordi ikkje mange kan serve så hardt.

MVI_2031

Slik virkar maskinen: To roterande hjul. Dersom det øvre hjulet har større fart enn det nedre, vil ballen få overskru.

Sunnfjordhallen Beach Senter er ein del av Sunnfjord Folkehøgskule.