
Her er kanskje svar på det du lurer på, viss ikkje brukar du “Kommentar til sida”, som du finn rett over her, eller sender e-post til inspektør Øyvind på inspektor@sunnfjord.fhs.no
—
Kan eg ha besøk på skulen?
- Gjester er velkomne til å vere saman med oss når det passar. Når du får besøk av vener og familie som skal overnatte og/ eller ha mat avtalar du dette med internatleiar. Vi har eigne rimelige prisar for dette.
Korleis er det å komme seg til skulen?
- Bybussen og flybussen i Førde har stopp like ved skulen. Til Førde går det fleire ekspressbussar for dagen (www.ruteinfo.net), likeeins fly. (www.ruteinfo.net og www.wideroe.no)
Ligg skulen langt frå sentrum?
- Nei vi ligg innanfor sentrumsområdet med ca 20 minutt gangavstand på flat veg til sentrum. Det går også bybuss forbi skulen. Sykkel er heilt ideelt!
Korleis er det med internett?
- Vi har nytt både kabla og trådlaust nett på internatbygget. I tillegg er det nettilgang i dei fleste av undervisningsromma.
Kor mykje fri kan eg ta?
- Du kan søke fri til spesielle ting men kan ikkje ha meir enn 10% fråvær i løpet av året. Høgare fråvær skapar også trøbbel i forhold til stipendet frå lånekassa.
Vi har jo mykje fritid, kva har vi tilgang til på kveldstid?
- Både gymsal, musikkrom og alle andre klasserom er tilgjengelige heile kveldane og helgane.
Blir ikkje det veldig tett å bu på internat?
- Å bu på internat er kanskje av det mest spesielle ved å gå på folkehøgskule. For at dette skal fungere er det viktig at ein viser omsyn til kvarandre. Spesielt gjeld dette på kveldstid og det skal difor være ro i internatet kl. 23.30 slik at dei som ynskjer det kan sove.
Kva med TV?
- Alle elevstovene på internatet har nye flatskjem TV. I tillegg vil spesielle sendingar bli vist på storskjerm i auditoriet.
Kor ”kristen” er skulen?
- Vi ønskjer å vere ein tydelig kristen folkehøgskule, men å samtidig ha stor takhøgd og vise respekt for andre syn. Morgonsamlingane er eit kort ord for dagen som er med å formidle skulen sitt verdisyn. Ut over dette tilbyr vi ulike frivillige aktivitetar på kveldstid som kapellsamling og bibelgrupper.
Kor mange av elevane er kristne?
- Dette varierar frå år til år men ein eller annan plass mellom 25 og 50%
Kan eg røyke på skulen?
- Vi ynskjer eit røykfritt arbeidsmiljø som elles i samfunnet, men for dei som røykjer har vi eiga røykesone ved internatet.
Kva er ein stipendiat?
- Stipendiatane er elevar i tillegg til at dei har ein del funksjonar i miljøet på skulen. Kvar vår lyser vi ut stillingane for neste år. Stipendiatane fungerer også som eit bindeledd mellom det øvrige personalet og elevane.
Er det mulig å gå på ski i Førde?
- Her er omgitt av flott skiterreng og vi har to skitrekk i nær avstand. Det vil enkelte kveldar/helgar bli tilbod om transport med minibuss til skianlegg.
Kor ofte og korleis kan eg vaske kle?
- I kjellaren på internatet er det vaskerom med vaskemaskiner og tørkerom. Skriv deg på liste på døra til vaskerommet. max. tre maskiner pr. veke pr. elev.
Kva slags valfag kan eg velje mellom?
- Skuleåret er delt i tre periodar og kvar periode skal alle velje nye valfag. I kvar av desse periodane kan ein velje mellom over 20 ulike valfag. Vi har lærarar med veldig ulike fag og dermed får vi eit spennande og variert valfagtilbod.
Er det strengt i forhold til alkohol?
- All bruk av alkohol og anna rusmiddel er ikkje mulig å kombinere med å gå på skulen vår. Vi er ulike, bur tett og har difor klare reglar om at det ikkje er lov å bruke eller oppbevare alkohol på skulen, eller komme tilbake etter at ein har brukt det t.d. på byen.
Kan eg velge kven eg skal dele rom med?
- Du kan merke av det på søknaden dersom det er nokon spesiell du ynskjer å dele rom med så brukar det gå greitt.
Kor ”flink” må eg vere for å gå t.d. på volleyballinja?
- Vi har ingen opptakskrav på nokon av linjene. Det viktigaste er at du er motivert for å drive mykje med det aktuelle faget. På enkelte av linje t.d. Volleyball og Fotball har dei fleste bra bakgrunn i idretten eller aktiviteten frå før.
Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjere etter folkehøgskulen, får eg hjelp til å bestemme meg?
- Vi er veldig obs på dette. Skulen har både eigen veileder og legg opp til laurdagsseminar om utdanning og møte med ulike yrker.
Er det dyrt, kva med lån og stipend?
- Du finn informasjon om kva det kostar på eigen ”knapp” til venstre på sida her .
- Lån og stipend søkjer du direkte hos lånekassen etter at du har motatt skuleplass. Link til Lånekassen>
Er det butikk nær skulen?
- Rema 1000 ligg berre nokre hundre meter unna. Elles er jo Førde ganske stor på handel med m.a. to store handelssenter.
…og altså inspektor@sunnfjord.fhs.no om du lurer på noko anna.
Kor god i volleyball bør ein vera for å gå på linja beach og volleyball? Har gått 3 år på idrettsfag med toppfotball, og har gode fysiske forutsetningar med ei høgd på 1.92 m. Men har ikkje spelt noko organisert volleyball på lag, har kun spelt på fritida og volleyballkurs på skulen. Er dette nok?
Det er nok Einar! Det viktigaste er at ein er klar over og motivert for stor volleyballaktivitet. Dei som går på linja har ulik bakgrunn og sjølv om ein del har spelt aktivt er det også dei som ikkje ar denne erfaringa. Men med din idrettsbakgrunn er nok dette eit flott val om du er klar for volleyball! Send gjerne ein e-post direkte til linjelærar Magne og : magneoh@c2i.net
Velkommen som søkar! Øyvind