Wi-Fi

Wi-Fi

Skulen tilbyr Wi-Fi dei fleste stadane innandørs i skulebygningane. Vi kan likevel ikkje garantere full dekning, noko som er vanskeleg å få til på grunn av murkonstruksjonar og branndører i internatet. Begge deler hindrar radiosignal å passere. På ein del av romma er signalet så svakt at det kan opplevast ustabilt. Særleg gjeld dette nettbrett og mobil. Pc er litt mindre problematisk.

Internettlinjene våre er ikkje dimensjonerte for tung datatrafikk. Det er ikkje lovleg å legge beslag på linjekapasiteten med ned- og opplasting av store datamengder.

Med andre ord ikkje perfekt og ikkje ubegrensa. Men kanskje er det slik det bør vere? Vi går jo ikkje på folkehøgskule for å bruke tida på nettet!

Verkelege venner er betre enn facebook-venner.

Til toppen