Historie

Historie

Ein skule for livet

Sunnfjord Folkehøgskule er ein av dei eldste kristne folkehøgskulane i landet. I 2002 hadde skulen 100-års jubileum, og i det høve opna skulen eit eige skulemuseum.

Allereie i 1817 vart tanken om ein skule for bondesøner lufta i Sunnfjord. Då Ungdomsvennernes Forening vart skipa i 1892, vart arbeidet for å starte ein kristen ungdomsskule for alvor sett i gong. Skulen starta opp som ungdomsskule i Naustdal i 1902, med Ungdomsvennernes Foreining som eigar. I 1910 overtok Sunnfjord indremisjon skulen, og den vart flytta til Solvang i Førde.
Sidan den gong har det alltid vore folkehøgskule på Solvang (det heitte «ungdomsskule» fram til namneskiftet på 60-talet). Gjennom tidas løp har skulen opplevd skiftande kår, men sjølv om elevtilgangen har vore ustabil har både personalet og eigarane hatt tru på skulen og sett resultat av arbeidet. Skulen har alltid hatt ein kristen profil, og den legg vekt på den enkle og ekte forkynninga av Guds ord som Kjell Tonheim (elev 1951/52) seier.

Nøgde elevar

Eit synleg resultat av arbeidet er alle dei nøgde elevane som har opplevd eit flott år her på Solvang. Dei fleste opplever det som veldig positivt med eit år der ein stort sett kan bestemme kva ein sjølv vil gjere, utan karakterpress og liknande.

Ein har altså fått eit år der ein kan dyrke sine interesser saman med andre, og der ein har fått ulike opplevingar og erfaringar ein vanskeleg kunne fått utan året på folkehøgskulen.

Sjeldan skulemuseum

Museet, som ligg i det gamle haavetun- bygget, syner skulekvardagen slik den var i gode gamle dagar. Sunnfjord Folkehøgskule er ein av dei få, ja kanskje den einaste, folkehøgskulen med eige museum. Museet vart oppretta for å ta vare på skulen sin gamle ærverdige historie, og for å ha ein plass å samle alle dei gamle bruksgjenstandane skulen har.

Dei to mest sentrale romma i museet er eit bibliotek og eit elevrom. Biblioteket har mykje gamal litteratur og ein god del gamle utgåver av bladet Ungdomsvenen, som er skulen sitt eige blad. Bladet har vore utgjeve heilt sidan 1897, først som lokalavis og deretter som eit eige blad for Sunnfjord Folkehøgskule. Elevrommet er eit rekonstruert rom frå 1960-talet som syner oss korleis det var å bu på internat i gamle haavetun. Dagens elevrom har nok betre standard, men likevel er dei ikkje så mykje større.

Mange elevar har hatt ”sitt beste år” på Solvang, og forhåpentlegvis vil mange andre i framtida også få oppleve sitt livs år på Sunnfjord Folkehøgskule.

Tekst: Magnus Stokka, Journalistikk og Foto 2004/05

Til toppen