Her ligg skulen

Her ligg skulen

kart over førde og Sunnfjord FolkehøgskuleSunnfjord Folkehøgskule ligger ca 2 km frå Førde sentrum. Det går bybuss til skulen. Det er smart å ta med sykkel hit! Skuletunet består av internatbygningar, administrasjonsbygg og undervisningsbygg, i tillegg til Sunnfjordhallen (sandhall) som ligg 2 km frå skulen.

Det går fleire daglege ekspressbussruter frå Oslo. (reisetid ca 10 timar), Bergen, Ålesund/Volda/Stryn.  Nattbuss frå Trondheim. www.rutebok.no 

Det går også direkte fly frå Oslo og Bergen fleire gongar dagleg.
Sjå meir på www.wideroe.no

I privatbil er kjøretid frå Oslo ca 7 timar, og frå Bergen ca 3 timar.

Om Førde

Førde er handels-, kultur- og skulesenter i Sogn og Fjordane, med ca. 12.000 innbyggarar.

Godt utbygde servicetilbod på dei fleste område. Fin natur med fjord, fjell, elv og bre som nære naboar. Godt tilrettelagt for friluftsliv og aktiv bruk av naturen.

Førde Sentralsjukehus med sine godt 1300 tilsette gjer sitt til at byen har god representasjon både nasjonalt og internasjonalt. Høgskulen i Sogn og Fjordane har avdeling i Førde. I sentrum finn du dei fleste tilbod som er vanlege i en by, også eit godt utbygd kulturhus, Førdehuset, fleire kjøpesenter og fleire treningsstudio.

Her kan du utforske Førde frå lufta!

Her kan du ta ein liten «flytur» rundt i Førde.
1:50 Du ser Førdehuset med stadion til venstre og Hafstad Idrettspark oppe i midten. Førdehuset er kulturhus med kino, teater, bibliotek, symjehall og storhall. Hafstad Idrettspark har to kunstgrasbaner pluss fleire andre aktivitetar. Fotballinja trener her. Sunnfjord Folkehøgskule ligg to km oppover, dessverre ikkje med på filmen.
Vi ser også «Laksen», Norges største skulptur, laga av rullesteinar.
Vi som bur her, synes det er ein fin stad å vere.

Lenker til nokre tilbod som fins i nærområdet:

Til toppen