Karoline Anderssen – Beach Sport

Karoline Anderssen – Beach Sport

Karoline er klar for å møte veggen! Beach Sport har Norges finaste sandhall som klasserom, som også innheld ein 12 meter høg klatrevegg.

Dette er Karoline, som går på linja Beach Sport. Ho er frå Drøbak, har gått idrettslinja på vidaregåande, og har dette å seie om sitt folkehøgskuleår:

– Å ta eit år på Sunnfjord Folkehøgskule er eit av dei beste vala eg har gjort. Eg trengte eit år for å finne ut kva eg skulle gjere vidare etter vgs.

På Sunnfjord Folkehøgskule har eg opplevd masse  nytt og blitt kjent med så mange nye menneske. Eg valde linja Beach Sport fordi eg hadde lyst på eit annerleis år med ei blanding av idrett og gøy. Vi har ei variert veke med fleire aktivitetar, eks. Beach volleyball, klatring, beach tennis og treningssenter. Du kan gle deg til å dra til Brasil, du får også vere med på Sri Lanka-reise. Linjelærar Daniel gjer timane morosame og skaper godt miljø og gode holdningar til idrett!

Eg anbefaler virkeleg skulen (og linja) til dei som har lyst på eit år der dei kan ha det gøy, bli kjent med nye menneske, prøve nye idrettar og ha eit annleis år fylt av opplevingar og vennskap.

Finn ut meir om Beach Sport på Sunnfjord Folkehøgskule:

Dersom du har spørsmål, så synes eg det er fint om du tek kontakt! Send gjerne ein sms til meg, ein messenger eller epost! Det er av og til litt greitt å snakke med ein elev, ikkje sant?

Til toppen