Birgit Sæterbø – Rein natur

Birgit Sæterbø – Rein natur

– Dei dagane klassen er ute og fridykkar, har eg alltid eit smil om munnen resten av dagen. Eg anbefaler Sunnfjord Folkehøgskule til andre, for du lærer så utruleg mykje om deg sjølv og om andre. Du blir kjent med andre folk på ein heilt annan måte på grunn av at du bur på skulen og er sosial heile tida, seier Birgit.

Finn ut meir om Rein natur her.

Birgit fortel om seg sjølv:

– Eg er ei 20 år gammal jente som kjem frå Klæbu like ved Trondheim. I løpet av barndommen min har eg vore borti både handball, fotball og orientering, men enda opp med å drive på med speiding og skulekorps på fritida. Eg har alltid vore glad i å lese bøker, handarbeid som strikking, origami og hekling, og i det å symje, så dei dagane klassen er ute og fridykker har eg alltid eit smil om munnen resten av dagen.

Eg er også eit vinterbarn og elsker det når snøen legg seg og det begynner å bli mørkt på morgonen. Då er det utruleg koseleg når vi er på ski i lysløypa som ikkje er langt unna skulen, tenner bål, grillar litt, drikk kakao og har det fint på ski.

Hovudgrunnen til at eg valgte denne skulen, var at mi beste venninne skulle gå her, så då tenkte eg, kvifor ikkje? Men no etter at eg blei stipendiat andre året og har gått her i eitt og eit halvt år, vil eg anbefale Sunnfjord Folkehøgskule til andre, for du lærer så utruleg mykje om deg sjølv og om andre. Du blir kjent med andre folk på ein heilt annan måte på grunn av at du bur på skulen og er sosial heile tida. Det er alltid ein lærar til stades 24/7, så du lærer også dei å kjenne på eit meir personleg plan enn på videregåande og ungdomsskulen.

Dette var litt om meg, så då ønsker eg deg lykke til med valet om kommande skuleår!

Du er velkommen til å snakke med Birgit dersom du har lyst til å ta kontakt. Det er av og til greiare enn å spørje ein lærar. Ho er på facebook, ho er på mobil, eller epost.

Til toppen