Førdefestivalen er eit årleg høgdepunkt i Førde.
I den veka festivalen føregår er det fullt hus ved SunnfjordFolkehøgskule. Gjennom mange år har folkehøgskulen vore tilhaldstad for unge musikktalent frå ulike land, deira leiarar og talentkontaktar.
I samband med Førdefestivalen 8.-11.juli dette året, vitja Dronning Sonja Sunnfjord Folkehøgskule. Dronninga er Førdefestivalen sin høge beskyttar, og i år hadde Hennar Majestet takka ja til å opne festivalen torsdag kveld. I samband besøket i Førde, vitja ho fredag 9.juli Sunnfjord Folkehøgskule og dei unge musikktalenta frå Brasil, Kapp Verde og Noreg som i perioden 4.til 11.juli budde og øvde på skulen. Sunnfjord Folkehøgskule var vertskap for dette besøket og rektor Jorun Knapstad tok imot dronninga og informerte henne om folkehøgskulen. Dronninga viste stor interesse både for folkehøgskulen, for samarbeidet mellom festivalen og skulen, og for å høyre og sjå dei unge musikarane. Barn frå mange barnehagar i Førde var møtt fram på skuleplassen for å helse på dronninga i samband med besøket.
