Avslutning 9. og 10. mai

Bildet er frå første skuledagen i august.

Skuleåret går raskt mot slutten. Det er berre nokre få veker att av skuleåret og vi forbereder oss på å ta farvel med ungdommane som har vore elevkullet 2017-2018.

Vi vonar mange av dykk har høve til å komme til avslutningskvelden, og at avslutninga kan gje eit lite innblikk i korleis ungdommen dykkar har hatt det dette året. Gjennom skuleåret er det knytt sterke band, mange har fått vennskap som kjem til å vare livet ut.

Onsdag 9.mai:   

Kl. 19.30        Festmiddag for elevar, foreldre og tilsette

Kl. 21.00        Festkveld i gymsalen

Kl. 22.00        Kaffe, kaker m.m.

Kl. 22.30        Uformell kveld

Torsdag10.mai:

Kl.10.00-11.00 Brunsj og avreise

 

Under avslutningsfesten blir det høve til å gje ei gåve til bistandsprosjektet vårt, Kamam Folk High School.

 

Det er ikkje høve til overnatting ved skulen. Vi har fått avtale med  Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

for en god pris denne helga, oppgje Sunnfjord Folkehøgskule  46557088 som referanse. For å vere sikra rom til rabatert pris, bør ein bestille før 1.mai.

Alternativ i Førde er Thon Førde Hotel og Førde Gjestehus og Camping

 

Påmelding innan 1. mai til  e-post: kontor@sunnfjord.fhs.no eller på telefon 57829960

Oppgje kor mange som deltek på middagen.

 

VI ØNSKJER DYKK HJARTELEG VELKOMNE TIL AVSLUTNING 9./10. MAI !