Ver med på ei reise til det koptiske Kairo 7. -15. april 2018

Bli med på ei reise til det koptisk kristne Kairo. Ei reise der du ikkje berre er turist, men også nysgjerrig og kunnskapssøkande.
Korleis er Egypt i dag – fleire år etter den arabiske våren? Korleis lever vanlege egyptarar i dag? Korleis er det å vere kristen (Koptisk) i eit land som er styrt av islamske lover? Finst det motsetningar, eller er det noko vi går rundt og trur? Eller kanskje dei ser på seg sjølve primært som egyptarar, og at motsetningane er medieskapte? Korleis er det Kairo som nyheitene ikkje viser?
Dette er nokre av spørsmåla vi vil prøve å finne svar på.

Høgdepunkt:

  • Opphald på Anafora Retreat
  • Besøk i Søppelbyen, Grottekatedralen, Stefanus-barna
  • Den hengande kyrkja – Gamle Kairo
  • Ta på ein pyramide – verdas mest ikoniske bygningar
  • Møt kunstnarar i Kairo
  • Prute på eit marked – og endå meir.

Kva vil vi få oppleve?

Konflikt og sameksistens

Turen vil aktualisere korleis kristne (ca 10%) og muslimar (ca 90%) innrettar seg som innbyggarar av same land, der dei kristne ikkje har same rettigheiter som muslimane. Vi høyrer også om konflikter mellom kristne og muslimar, som gjerne oppstår lokalt.

Ikkje offer-mentalitet

Det er viktig å streke under at identiteten til Egypts kristne befolkning er ikkje å vere offer for den dominerande majoriteten, men dei liker å sjå på seg sjølve heller som stolte berarar av nasjonen si ur-historie og noko av den viktigaste delen av den felleskristne tradisjonsarven.

Mange har eit godt forhold til sine muslimske naboar og reagerer negativt på tendensen i vår del av verda til å auke spenningsnivået mellom trusretningar. Vi har møtt kristne i Egypt som tek avstand frå måten ein del nordmenn omtalar muslimar på sosiale medier. Dette er ikkje ei reise der målet verken er å bekrefte våre eventuelle islamkritiske haldninger eller for å bagatellisere ein noko komplisert sameksistens. Vi reiser for å finne ut.

Kristne i Egypt som markerer trua si, gjer det oftast for å styrke egen identitet og tru, ikkje for å markere nokon opposisjon mot muslimane. Gjensidig respekt er den vanlegaste holdninga. Vi vil få høyre både om konflikter – som også fins – og om den gode sameksistensen. Vi kan jo velje om vi vil framheve splitting eller dei sameinande kreftene. Vår skule let seg inspirere av brubyggaren Jesus.

Anafora Retreat

Anafora er ein perfekt stad for den som ønskjer ro og kontemplasjon. Vi skal vere tre dagar på Anafora. Foto: Arne Håberg.

Biskop Thomas grunnla Anafora for nesten 20 år sidan. Foto: Arne Håberg.

Biskop Thomas stifta Anafora for nesten 20 år sidan. Anafora er eit retreatsenter som er ope for alle, uansett tru eller andre ståstader. Det er prega av ro og kontemplasjon. Dei driv sjølvforsynande økologisk jordbruk, dei produserer en del varer for sal, de har fleire kyrkjer og sakrale rom, bibliotek, symjebasseng og mykje meir. Gjestane er med på daglege gjeremål viss de vil, og alle måltida er felles. Vi har eit to dagars opphald på Anafora på turen vår.

Gamle Kairo

På ei slik reise er det naturleg å besøke gamle Kairo (koptiske Kairo) med den hengande kyrkja, krypten der Jesu familie etter tradisjonen budde under eksilet i Egypt m.m.

Søppelbyen og mamma maggie

Mange kjenner Mamma Maggie («Egypts Moder Theresa») etter å ha møtt henne på ei av hennar norgesreiser eller via Eyvind Skeie si bok om henne. Boka har gjort kjent byen si fattigaste kristne befolkning «søppelfolket» i bydelen Moqattam. Vi vil besøke Stefanusbarna, organisasjonen som Mamma Maggi driv i søppelbyen.

I denne bydelen besøker vi også den imponerande Grottekatedralen med plass til 20 000 menneske(!).

Pyramidar

Du reiser ikkje til Egypt utan å sjå pyramidane og sfinxen i Gisa, Tut Ank Amons gullskattar og andre ikoniske attraksjonar. Her er det berre tida som set grenser på kor mykje vi kan få med oss.

Kunstnarar i Kairo

Vi skal besøke bildekunstnarar. Vi finn ikonmålarar som er av dei fremste til å male ikonar (trasjonell kyrkjekunst) i den ortodokse tradisjonen. Dei bruker kompromisslause kvalitetskrav på samme måten som det er gjort i århundrer.

Britt Boutros Ghali er norsk og har budd i kairo i fleire tiår. Ho har studioet sitt på ein elvebåt på Nilen. Foto: Arne Håberg.

Vi skal også møte den norsk-egyptiske biletkunstnaren Britt Boutros Ghali, som har sitt atelier på ein elvebåt på Nilen.

Sikkerheit

Den norske regjeringa sitt offisielle reiseråd har stått uendra i lengre tid. Vårt reisemål er rekna som trygt, det vil seie at det ikkje er frårådd å reise til Kairo og dei fleste andre delane av landet.
Sunnfjord Folkehøgskule følgjer alltid dei offisielle reiseråda fra UD.
Alle turdeltakarane blir registrerte på www.reiseregistrering.no i samsvar med UD si tilråding.
Sunnfjord Folkehøgskule har sikkerheitsavtale med Sjømannskirken om bistand dersom noko skjer på våre reiser.
Alle deltakarane må dokumentere eiga gyldig reiseforsikring.

Om arrangøren

Turen blir arrangert av Sunnfjord Folkehøgskule i Førde. Skulen har fleire tiårs erfaring i å arrangere studieturar til fleire land, også til Egypt heilt frå starten av 90-talet.
Reiseleiar er Arne Håberg som er inspektør på skulen. Han har leia studieturar til Egypt i mange år.

Turen er dekka av Reisegarantifondet gjennom G-Travel.

Meir info

Gyldig pass

Passet må være gyldig til 6 måneder etter heimreisedato, altså minst til 15. oktober 2018. Dersom du har skifta namn sidan passet blei laga, så må du få nytt pass.
Dersom du har spørsmål om turen, kan du ta kontakt på epost eller telefon 92644465.

Hotellstandard

Vi bur dei fleste nettene på New President Hotel  i ambassadestrøket i Zamalek, som er rekna for ein roleg og behageleg bydel. Gjennomgående er hotellstandarden enklare enn i Norge. Vårt hotell har 4 stjerner etter lokal standard.

På Anafora er standarden enkel men bra.


Program

(Det kan bli endringar i programmet!)

Laurdag 7. april

Tidleg fly frå Flesland. Oppmøte kl 06:45. I Kairo om kvelden. Sjekke inn på hotell.

Søndag 8. april

Roleg morgon. Guida tur på Det egyptiske museet. Tut Ank Amon-skattane m.m.
Tahrir-plassen, der vi får høyre om det som skjedde under revolusjonane i 2011 og 2013.
Utsiktpunkt over byen.

Måndag 9. april

Pyramidane i Gisa. Besøk hos norsk kunstnar.

Tysdag 10. april

Gamle Kairo (frå før-muslimsk tid): Den hengande kyrkja, synagoge, krypten til den Heilage Familien m.m.
Besøk hos ikon-kunstnar.

Onsdag 11. april

Til byfjellet Moqattam med besøk i Grottekatedralen og søppelbyen. Stefanusbarna/ Mamma Maggie sitt arbeid.
Evt besøk på marked om kvelden.

Torsdag 12. april

Avreise til Anafora Retreat. Innkvartering. Guida omvising. Vere med på Anaforas program eller eige opplegg.

Fredag 13. april

Opphald på Anafora. Fritt opplegg, evt vere med på Anaforas program.

Laurdag 14. april

Retur til Kairo på ettermiddagen.
Felles avslutningsmiddag.

Søndag 15. april

Tidleg flyavgang – ankomst Flesland 19:40


Prisar

Ved påmelding og betaling før 1.1.2018 får du 5% rabatt:
Kr 15.600,- pr person i dobbeltrom
Kr 17.000,- pr person i enkeltrom

Etter 1.1.2018:
Kr 16.400,- pr person i dobbeltrom
Kr 17.900,- pr person i enkeltrom

Dette er inkludert i prisen
Flyreise
Visum
Overnatting i Egypt
Frukost 7 dager
Lunsj 7 dager
Middag 3 dagar
Felles transport
Tips på felles aktivitetar
Program og felles aktivitetar

Ikkje inkludert
Transport til og frå Flesland
4 middagar i Egypt
Frukost heimreisedagen (kan kjøpast på flyplassen)
Mat kostar mindre i Egypt enn i Norge.

Det kan bli endringar i prisen dersom det skjer vesentlege endringar i forhold vi ikkje har kontroll over. Slike ting kan vere endringar i valutakursar eller at prisar på reisemålet endrar seg vesentleg i tidsrommet fram til turen.
Vi tek atterhald om feil på denne nettsida.


Påmelding og betaling:

Her kan du kome til påmeldingssida.

Du vil bli kontakta vedrørande fullføring av påmeldinga.

Betaling skal gjerast til konto 3700.05.10034. Merk med Koptiske Kairo.

OBS: Det er avgrensa tal med plassar på turen.

Spørsmål kan stillast på epost her, eller til Arne Håberg på telefon til 92644465.

Til toppen