Sri Lanka 8. – 20. juni 2018

Sri Lanka vart kåra til verdens reisemål for 2013 av Lonley planet. Landet er ei natur og kulturperle. Heile 8 stader er på Unescos  verdensarvliste. På turen skal vi besøkje 5 av desse stadene. Landet var ramma av borgarkrig i 30 år fram til 2009. Reisa vår er ikkje berre ei reise for å oppleve natur og kultur, men for å møte på det omfattande kristne og sosiale arbeidet som blir drive av YMCA på Sri Lanka. Vi skal besøkje Kamam folk high school, og få treffe fleire av dei elevane som har vore på Sunnfjord folkehøgskule dei siste åra. Vi skal dessutan få møte personar som star I aktivt arbeid mellom ungdom og utfører viktig bistandsarbeid.

Reisetider

Avreise frå Gardermoen 8.juni 2018 kl 14.30 med Emirates. Oppmøte kl. 11.30 på Gardermoen. Vi sjekkar inn saman.

Mellomlanding i Dubai begge vegar.

Ankomst på Sri Lanka 9.juni kl. 08.40

Avreise frå Sri Lanka 20.juni kl 03.15. Til Gardermoen 20.juni kl. 12.30.

Reise til og frå Gardermoen ordnar ein sjølv.

Om reisa

Sri Lanka vart kåra til verdens reisemål for 2013 av Lonley planet. Landet er ei natur og kulturperle. Heile 8 stader er på Unescos  verdensarvliste. På turen skal vi besøkje 5 av desse stadene. Landet var ramma av borgarkrig i 30 år fram til 2009. Reisa vår er ikkje berre ei reise for å oppleve natur og kultur, men for å møte på det omfattande kristne og sosiale arbeidet som blir drive av YMCA på Sri Lanka. Vi skal besøkje Kamam folk high school, og få treffe fleire av dei elevane som har vore på Sunnfjord folkehøgskule dei siste åra. Vi skal dessutan få møte personar som star I aktivt arbeid mellom ungdom og utfører viktig bistandsarbeid.

Reisetider

Avreise frå Gardermoen 8.juni 2018 kl 14.30 med Emirates. Oppmøte kl. 11.30 på Gardermoen. Vi sjekkar inn saman.

Mellomlanding i Dubai begge vegar.

Ankomst på Sri Lanka 9.juni kl. 08.40

Avreise frå Sri Lanka 20.juni kl 03.15. Til Gardermoen 20.juni kl. 12.30.

Reise til og frå Gardermoen ordnar ein sjølv.

Turoperatørar

Turoperatøren på Sri Lanka er Different Journey med leiar Silva. Sunnfjord folkehøgskule har brukt dette firmaet mange gongar og ser på dei som veldig seriøse og gode www.differentjourney.net. Telefon +94776387 487. Epost: djtours.88@gmail.com. Travelnet Fjordane Reisebyrå er vårt locale reisebyrå. Sunnfjord folkehøgskule og Travelnet Fjordane Reisebyrå har samarbeidd ei årrekkje.

 

Gyldig pass

Passet må vere gyldig 6 månader etter heimreisedato, altså minst til 20.des 2018. Dersom du har skifta namn etter at passet blei utsteda, må du skaffe deg nytt pass.

Valuta

Valutaen på Sri Lanka er rupies. I forhold til norske kroner er kursen slik at 1 NOK tilsvarer 17-20 rupies. Det er greit å ta ut pengar i minibank eller bruke kort i dei fleste hotel og butikkar. Det er greit å ha kontantar tilgjengeleg når ein reiser utanom dei mest sentrale områda på Sri Lanka. Hugs å endre regionsperra på kortet ditt slik at det kan brukast på Sri Lanka. Generelt er prisane på Sri Lanka lave I forhold til det vi har I Norge.

Helseråd

Det krevst ingen spesielle vaksiner for å reise til Sri Lanka, men ein bør kontrollere at ein har Hepatitt A og B, polio, difteri, kikhoste og stivkrampe. Råd om vaksinering kan ein finne på www.fhi.no. eller ved å kontakte lokalt vaksinasjonskontor. Den sjukdommen ein er mest utsett for å få på Sri Lanka, er Dengufeber. Det finst ikkje vaksiner for denne. Dengufeber kjem etter at ein blir stukken av dengumyggen. Eit godt imunforsvar hjelper mot å bli sjuk. Elles er det størst fare for å få Dengufeber når ein reiser til usentrale strok.

Vi anbefaler at du brukar Idoform som mageregulerande middel og har med Imodium eller koltablettar som stoppar diare. Har du tendens til å få store stikk, kan du gjerne ta med allergitablettar. Alle desse får du kjøpt reseptfritt på apotek.

Medisinar du brukar dagleg bør du ha godt merka I orginalembalasje.

Dersom du har helseutfordringar som kan påverke gruppa, bør du opplyse om desse.

Reiseforsikring

Alle må ha gyldig reiseforsikring og ta med forsikringsbevis. Oppgje forsikringsselskap og polisnummer ved påmelding.

Kle

På Sri Lanka er det varmt året rundt, vel 30 grader. Vi skal opp I fjellområda og der kan det vere litt kaldare.

På reisa skal vi inn om heilage stader der det er viktig å dekke til skuldrar og kne. Ta med kle som høver for dette. Det er badebasseng på dei fleste stader vi skal besøke, så du må hugse badetøy.

Tryggleik

Sunnfjord folkehøgskule har beredskapsavtale med Sjømannskyrkja. Vi registrerer alle turdeltakarane på på www.reiseregistrering.no slik UD  anbefaler. Vi sender også melding til den norske ambassaden I Colombo.

Telefon/oppladning av kamera

Retningsnummeret til Sri Lanka er +94. Ta med ein adapter for å lade opp telefon og kamera.

Prisar

Turen kostar ca kr. 19500

Ekstra for enkeltrom kr. 4500

Prisen omfattar:

Reise frå Gardermoen til Sri Lanka t/r

Transport og overnatting på Sri Lanka i 3*/4* hotel inkl frukost

Visum til Sri Lanka

Andre aktivitetar og måltid, sjå oppsett frå Different journey.

Påmelding

Du sender påmelding til turen på epost til rektor@sunnfjord.fhs.no. Det blir løpande påmelding frå 27.okt.

Oppgje følgjande:

  1. Fullt namn slik det star I passet. Det er uhyre viktig at dette stemmer
  2. Fødseldato
  3. Passnummer
  4. Enkelt eller dobbeltrom
  5. Oppgje beløp og dato for innbetaling på konto 3700.05.10034 (Sunnfjord folkehøgskule) Merk beløpet Sri Lanka 2018. Beløp sjå prisar
  6. Namn på den du evt deler rom med. Oppgje forsikringsselskap og polisenr på reiseforsikring.

Når påmeldinga er mottatt vil du få kvittering på epost.

Betaling og fristar

Påmelding kan skje så lenge det er ledige plassar og inntil betalingsfristen går ut 30.mars 2018.

Påmelding er gyldig og registrert når turen er betalt eller når betalingsdokumentasjon ligg føre.

Siste frist for betaling av reisa er 30.mars 2018. Sjå prisar.

 

Avmeldingsreglar

Avmelding før 30.mars: Gebyr kr. 3000

Avmelding innan 1.mai: Gebyr kr. 5000

Etter 1.mai: ingen refusjon

Kursdagar

Det vil bli lagt opp til samlingar i forkant av reisa.

Gåver/tips

Vi besøkjer barne- og ungdomsarbeid og Kamam folk high school. Det er naturleg at vi har med oss noko til å gje bort. Dette skal vi komme tilbake til.

Arrangør og samarbeidspartnerar

Turen blir arranger av Sunnfjord folkehøgskule I Førde I nært samarbeid med  Sogn og Fjordane KFUK-KFUM, Førde sokneråd og Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Sunnfjord folkehøgskule har lang erfaring med turar til Sri Lanka. Reiseleiarar blir Jorun Knapstad, rektor  og Dilanka Fernando, lærar ved Sunnfjord folkehøgskule.

Turen er dekka av Reisegarantifondet gjennom Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Har du spørsmål om turen, kan du ta kontakt på epost rektor@sunnfjord.fhs.no eller på telefon 97989791.

Sunnfjord folkehøgskule e rei stifting eigd av Normisjon. Org nr 880395432.

Adresse:

Sunnfjord folkehøgskule

Solvang 3, 6810 Førde