Julemessa 2017

Den tradisjonsrike julemessa på Sunnfjord Folkehøgskule dukkar opp i år også! Ta turen innom laurdag 2. desember. Vi opnar kl 11:00.
Julemessa er staden for å treffe andre, ta laurdagsmiddagen og ein kaffi eller to med ein kakebit til. Kafeen er open heile tida.
Mange nyttar også sjansen til å handle inn førsteklasses julebakst – så er den gjort unna! Tradisjonell gjærbakst er også i hyllene.
Elles kan ein kjøpe lodd eller hive seg på ein auksjon. Borna kan snurre på lykkehjulet og vere frie til å gjere kva dei vil.
12:00: Program ved Solvang Barnehage
16:00: Program frå scena ved elevar og andre.
17 45: Auksjon, åresal og trekking