Linjemenyen for 2018 – 2019 er lansert

Neste skuleårs linjer er presenterte! Forutan dei sju linjene som vi har gåande pr i dag, så presenterer vi to heilt nye tilbod som vi har stor tru på og som vi aldri har hatt før: Events Festivals og No Limits. Fotolinja har fått ny profil. Velkommen inn på visning!

Det vil bli kontinuerleg arbeid med å betre presentasjonane, men pr i dag skal det vesentlegaste vere korrekt. Det er framleis eit forbehold om prisane, som ikkje vil vere oppdaterte for litt lenger ut på seinhausten.

Kva gjer vi akkurat no på Sunnfjord Folkehøgskule?

Vi har haustferie! Og det har vi bruk for, for dei fleste av elevane har nettopp kome att frå ein av mange utanlandsreiser, som du kan finne her.  

Dette gjeld ikkje for linja Peacemaker, dei har lengre utanlandsopphald.

Du kan søke no

… men søknaden din blir ikkje behandlar før 1. februar. Dette gjeld alle folkehøgskulane!

Dersom du vil vite meir om kva folkehøgskule er, så er dette ein fin artikkel på www.folkehogskole.no