Hildegunn blei elevrådsleiar

Etter eit uvanleg spennande val, enda Hildegunn Weum opp som elevrådsleiar – med kun ei stemmes overvekt. Hildegunn går på Dans – Idrett – Brasil og ho seier dette om seg sjølv:

Hildegunn er frå Eidfjord i Hardanger og blei vald til elevrådsleiar på Sunnfjord Folkehøgskule.

Eg heiter Hildegunn Weum, og kjem frå ei lita bygd I Hardanger. Eg har alltid likt godt å reise, utfordre meg sjølv og teste nye grenser. På fritida mi likar eg å fotografere, teikne/male, trene styrke med venniner, jogge og lage mat. I tillegg til at eg har ein forkjærlighet for teater og dans.

Når tida kom til å søke folkehøgskule tok det ikkje lang tid før eg skjønte at det var dans eg ville utvikle meg meir på. Dans kan være røft, elegant og ein rein kunst art, samtidig som det er krevande fysisk. Det er ein utfordring eg vil gje meg sjølv, som vil halda meg motivert. Idrett er noko som har fulgt meg gjennom åra på ungdomskulen og vgs. Sjølv har eg lyst til å forbetre meg sjølv innen idrett, og lære å leve sunt.

Brasil er eit land som har interessert meg mykje. I 2014 var eg ein av dei som fulgde nøye med på VM kampane som blei spelt, om det så røyk altfor masse mobildata i samme slengen. Etter det var eg bitt av Brasil-basillen, og no kan eg ikkje få nok av landet, kulturen og språket. Det blir ein draum å reise dit. Sunnfjord folkehøgskule har den perfekte blandinga av alt eg ønsker i ei linje. Dans, idrett og studietur til Brasil! Det er alt av motivasjon eg treng for å halde gleda og interessa oppe!