Ny lærar på Global Foto – og litt nytt innhald

Arve Ullebø blir ny lærar på Global Foto frå hausten. Han vil også tilføre linja ein heilt ny dimensjon: Dronefoto.

Arve har lang fartstid som fotograf med eige firma. Han har gitt ut bøker, gjort utstillingar og ei mengd med varierte oppdrag. Det vil no kome våre elevar til gode som skal gå på Global Foto.

I tillegg så har Arve sertifikat for kommersiell dronefotografering, og det vil han gjerne ta med inn som ein del av aktiviteten på linja. Elevane vil også få sjansen til å bygge si eiga fullt flygedyktige drone!

I tillegg så vil Arve også tilføre sitt sterke forhold til å bruke vår lokale natur, så her ligg det til rette for mange fine turar, både med og utan soveposeovernatting.