– Kvart minutt på Sunnfjord Folkehøgskule var viktig for meg

Sunnfjord Folkehøgskule arbeider for at fleire elevar frå Kamam Folk High School, som Mistika, som du kan lese om lenger nede, skal få sjansen til å reise til Sunnfjord Folkehøgskule for å få den styrken som skal til for å bety noko for andre ungdommar på Sri Lanka. Les – og støtt gjerne prosjektet!

Mistika presenter seg slik:

Mistika eig ingen ting, men ho fekk bygge opp sin eigen styrke til å reise tilbake til Sri Lanka får å ta utdanning og arbeide med ungdom som henne sjølv.

Eg heiter Mistika og er 22 år og kjem frå austlege Sri Lanka. Då eg var seks år og minste søstera mi var eitt år miste eg begge foreldra mine, og året etter miste eg ein bror. Dette var under den 27 år lange borgarkrigen i landet vårt, og i tillegg tok den store tsunamien i 2004 huset vårt og alt vi eigde.

Foreldra mine og broren min var så fortvila at dei tok sitt eige liv. Det var ei veldig vanskeleg tid for meg, særleg å finne noko å overleve på. Mitt eine store mål var å kunne forsørge søstera mi så ho skulle behalde livet. Vi vaks opp hos mi gamle bestemor, brødrene mine forsvann og eg såg dei ikkje att. Vi fekk heldigvis et nytt hus, men vi har ingen møblar eller elektriske apparat i huset og må sove rett på golvet.

Heldigvis blei eg funnen av ein metodistprest som gav meg opphald i eit hostel, og eg fekk gå på skule. Etter at eg hadde fullført skulegangen, måtte eg reise tilbake til bestemora mi.

Så skjedde den store forandringa i livet mitt: Ein prest fortalde meg om Kamam Folk High School. Eg hadde aldri høyrt om ein slik skule før. (Denne skulen var Sunnfjord Folkehøgskule med å starte opp for tre år sidan.) Der studerte eg fotografi og idrett, og eg blei ein sterkare person og fekk venner som betyr mykje for meg.

I august 2016 fekk eg eit stipend frå Sunnfjord Folkehøgskule som gjorde at eg fekk gå der dette året. Dette var fjernare enn ein draum for meg! Eg takkar Gud for at eg fekk oppleve det.

Opphaldet på Sunnfjord Folkehøgskule har gitt meg styrke til å reise tilbake til Sri Lanka, ta utdanning for å bli idrettslærar, og ikkje minst vere med å bekjempe fattigdom. Kvart minutt eg hadde på Sunnfjord Folkehøgskule var viktig for meg.

Eg bed om du vil vere med å gjere det mogleg for fleire elevar på Kamam å få eit år på Sunnfjord Folkehøgskule. Eg veit at det kan bety ein avgjerande forskjell!

Vil du vere med og støtte?

Her går Mistika i mål etter å ha lagt tilbake utrulege 51 km i årets bistandsløp for Kamam Folk High School! Løpet gjekk frå Florø til Førde!

Dersom du vil vere med og støtte tiltaket, så kan du gå inn på bidra.no, søke på Kamam, så vil Mistika dukke opp på skjermen. Der kan du støtte direkte på ein veldig enkel måte. Eller du kan ta kontakt med skulen på kontor@sunnfjord.fhs.no. Pengane vil gå til reise, vinterklede og undervisningsutstyr som er nødvendig for å gå på ei linje hos oss. Målet er å finansiere tre elevar årleg.

Vi ønskjer å gje nokre av dei eit år i Norge på Sunnfjord Fhs for å gjere dei rusta til å drive fredsarbeid i deira eige heimland. Støtt dei som vil bli som Mistika! 

Elevar frå Sunnfjord Folkehøgskule reiser kvart år for å besøke vår søsterskule Kamam på Sri Lanka. Dei srilankiske elevane treng at nokon ser dei og aksepterer dei. Dei kjenner berre til krig og fornedring.