Fotballklassen satte seg på minibussen med ein stødig sjåfør bak rattet og satte kursen mot Oslo og Ullevål stadion på tirsdag. Kanskje ein lang køyretur for å sjå ein fotballkamp, men det skulle vise seg å vere verdt det.
Etter innlosjering på Haraldsheimen vandrarheim tok vi turen tidleg opp til stadion. Eit yrande liv utanfor stadionområdet var kanskje eit hint om at dette kom til å bli ein bra kveld. Og slik blei det, Norge slo Portugal 1-0 og stemninga på tribuna var veldig bra. Noko fotballklassen absolutt var med å bidra til. På veg ut av stadion blei elevane stoppa av ein journalist frå NRK som sjølvsagt fann gode motiv i Sunnfjord folkehøgskule sine elevar. På denne måten avslutta vi ein fin kveld og drog heim dagen etter.
Vi var alle einige om at vi hadde hatt ein fin tur.