Facebook og innspurt Publisert torsdag, 8.april 2010, kl 12:01

Vi er i ferd med å systematisere alle facebooksidene til dei ulike elevkulla. Facebook - Sunnfjord Folkehøgskule_1270724305697Du finn dei på denne sida. Det eksisterar nok langt fleire så gje eit hint så legg vi dei til. Neste års elevar har allereie oppretta eiga side!

Elles er innspurten av skuleåret i gang. Det blir ei volleyballturnering mellom 6 folkehøgskular her på Sunnfjord Folkehøgskule 12.-13.april, så blir det danseforestilling ved danselinja 16.-17.april. Denne helga vert det også 5 og 10 års treff for tidlegare elevar. Nokre elevar reiser så til  NM U21 i volleyball, og  mot slutten av april reiser heile skulen på ein avlutningstur og får med seg flott vestlandsvår på Stadt, før den siste veka går mot avlutninga 8.mai.

Dette innlegget ble publisert i Nyheter.