Min veg til tru Publisert fredag, 26.mars 2010, kl 12:30
Oppdatert: mandag, 5.juli 2010, kl 22:57

Ferien er i gong og vi ynskjer alle ei riktig god påske med fylgjande :

Søndag 14. mars vart Sherry, frå Shanghai/Kina, elev på Sunnfjord Folkehøgskule, døypt i Førde kyrkje. Det var ein stor festdag både for kyrkja, folkehøgskulen og  for Sherry.  Det var Thomasmesse om kvelden med nesten full kyrkje. Program ved elevar, skulen, tilsette i kyrkja og vener av Sherry. Gudstenesta varde over 1,5t. men vi la ikkje merke til tida.. Det var som om Herren sjølv kom og helsa på oss. Ein dag  full av glede, velsigning og håp.

Vi let Sherry sjølv få svare på nokre spørsmål og fortelje litt om sin store dag og sin veg til kristen tru:

Fortel oss litt om di barndoms- og ungdomstid i Shanghai!Egypt 2010 (193)

- Eg vaks opp som eit bortskjemd barn i ein ettbarns familie.  Det meste sentrerte seg om meg og mi framtid. Alt i barnehagen starta førebuinga til det vaksne livet. Alt eg var med på var retta inn mot det å gjere det godt som vaksen. Gjere det godt på testar, lære språk, få god jobb og på den måten sikre livet og framtida. Lite tid til å vere barn og ungdom..

Kva lærte du om kristendom?

- Eg lærde aldri noko om kristendom som barn. Første gong eg høyrde noko, var på ungdomsskulen i historietimane. Det var noko utlendingane trudde på og ikkje vi i Kina.

Du har jobba som guide i fleire år. Snakka gjestane dine om trua si?

- Dei aller fleste av mine gjestar har vore frå vestlege land. Men sjeldan eller aldri snakka nokon om trua si med meg. Ingen spurde heller om kyrkjer og kristendom i her i Shanghai. Og min jobb var å svare på spørsmål og vise fram byen min. Det var svært lite kultututveksling. Kanskje vestlege folk legg trua frå seg heime når dei skal ut å reise?

Kva tid og korleis fekk du interesse for kristendom?

- Det var med mitt første møte med ei gruppe frå Sunnfjord Folkehøgskule! (Reisekurs) Dei hadde morgonord i bussen og eg fekk kontakt med nokon som sa dei var kristne. Dette var spennande. Eg ville lære meir, mykje meir! Skulen ordna stipend og skuleplass for meg. Nokre av gjestane har også støtta opphaldet mitt her økonomisk. Det første eg gjorde då eg kom til Førde, var å oppsøkje kyrkja og delta på gudsteneste. Eg lærde å be, synge salmar, lytte til forkynning, tenne lys og vere saman med andre kristne. Eg forstod ikkje så mykje, men kjende heile tida at dette var rett og godt for meg. Trur det var Herren sjølv som velsigna og hjelpte meg.

Kvifor ville du bli kristen?

- Eg ville komme nær Gud og Guds Ande. Bli ein del av Guds familie. Eg trur Gud alltid har elska meg, men eg har ikkje visst om det. Ingen fortalde meg det. Mine vener i Kina spør kva som har skjedd med meg, og kvifor eg er blitt kristen. Dei forstår meg ikkje. Dei er veldig overraska og seier eg er blitt forandra.. Dei har rett, eg er blitt forandra, er blitt eit Guds barn, blitt kristen.

Korleis har det vore å vere elev på Sunnfjord Folkehøgskule?

Sherry (6)- Heilt fantastisk! Maten, internatet, nye vener, undervisninga, elevane, dei tilsette, grupper, klassen, elevkveldane og alle turane. Alt er heilt nytt for meg. At ein skule kan vere slik, forstår vi ikkje i Kina. Men eg veit det. For eg  har vore her! Dette har vore eit år fylt av glede! Når den tid kjem, skal mine barn få gå på denne skulen.

Korleis kan du verne om trua di når du kjem heim?

- Eg vil aldri miste trua mi!! Gud trur på meg, og det er ein garanti for at det vil halde. Han veit at eg er hans barn og vil nok ta godt vare på meg, også heime i Kina. Han vil aldri gå frå meg.

Korleis kan trua vere ein del av vår reisebagasje?

- Vi kan be. Vi kan hjelpe dei vi møter. Vise Guds kjærleik i møte med andre. Gud sende sine disiplar ut i verda for å fortelje om hans frelse. No sender han meg ut i verda på same måten. Trua mi vil alltid vere ein del av min bagasje når eg er på reise frå no av.

Korleis opplevde du dåpsdagen din søndag 14. mars?

- Eg tenkte det heile skulle skje like enkelt som vanleg barnedåp. Man då dagen kom, ante det meg at dette vart noko heilt anna. Eg vart veldig nervøs. Så kjende eg Guds velsigning fylle heile meg. Elevane kom og gratulerte meg, folk smilte og yngste meg velkommen og lukke til. Eg fekk gåver og helsingar. Skulen laga til stor dåpsfest med program og gjestar. Til og med styret for skulen var der og yngste meg lukke til. At elevane viste så stor glede på mine vegne var veldig fint. Eg vakna nervøs om morgonen og gjekk til sengs velsigna om kvelden.

Kva kan faderane dine gjere for deg framover?

- Dei kan hjelpe meg med trus utvikling. Dei kan be for meg. Halde kontakten. Bruke e-post. Skrive brev. Komme på besøk til Shanghai! Ja, og eg vil alltid be for mine faderar og dei som hjelpe meg til tru.

Korleis vil du finne andre kristne i Shanghai?

- Eg vil leite opp kyrkjer og vitje dei. Eg vil søkje etter andre som trur. Eg har alt funne ein slektning som er kristen! Ja, og så vil eg dele trua mi med andre. Det eg har funne og fått, er for verdfullt til berre å gøyme og gløyme. Eg ynskjer å dele det med andre. Det gler eg meg til.

Vi takkar Sherry for praten og ynskjer henne lukke til som kristen.

Ser deg i Shanghai, Sherry!!

Av Halvard A. Møgster

Dette innlegget ble publisert i Nyheter.