Topptur Klatring Fjellsport

Fakta om linja

  • Toppturar
  • Ski
  • Telt og hytter
  • Bre
  • Klatring
  • Fjord
Vi skal på mange turar. Toppturar på ski og til fots, overnattingsturar i fjellet med teltet på ryggen og i hytter, gå turar på bre og klatre både inne og ute i fjellet. Studietur til New Zealand.

Her får du vere ute til alle årstider, lære korleis ein kan vere trygg opp og ned vakre, kvite, snødekte fjellsider og vere trygg på breen med sele og tau.Vi skal på mange turar. Toppturar på ski og til fots, overnattingsturar i fjellet med teltet på ryggen og i hytter, gå turar på bre og klatre både innandørs og ute i fjellet. Vi skal vere på tur i all slagt ver, haust, sommar, vinter og vår.I Sunnfjord kan vi vere på tur fleire dagar i strekk utan å sjå sivilisasjon. Vi kan gå opp urørte fjellsider og køyre førstespor ned igjen. I aust finn vi breane som skaper ei kaldt snørikt klima, i vest har vi havet og nokon av dei finaste klatrefjella i Norge. På enkelte toppar kan du sjå både bre og hav på samme tid, Sunnfjord gir eit mangfald du ikkje finn nokon annan plass!I februar skal besøke eventyrlege New Zealand og oppleve kontrastane på Sri Lanka. Når våren tar til skal vi gå den fantastiske Sunnfjordruta, ein fleirdagerstur frå hytte til hytte med ski i indrefileen av tureldoradoet Sunnfjord!

Pris (blir oppdatert snart!)

Besøk linjesida vår på  www.folkehøgskole.no I priskalkulatoren ligg alle valmuligheiter inne, og du får ein korrekt pris der alt er inkludert. Prisen er ulik på linjene fordi dei har forskjellige turar og krav til utstyr. På enkelte linjer er det ein frivillig utanlandstur, du kan oppgradere rommet, vere med på spesielle valfag m.m.

Du finn utfyllande informasjon på Pris-sida.

Nytt treningssenter på skulen.

Denne linja er ny, og det vil kome meir stoff om den etter kvart!

Fakta om linja

  • Toppturar
  • Ski
  • Telt og hytter
  • Bre
  • Klatring
  • Fjord

Vi reiser til

Linjelærar

Øyvind har lang erfaring som fjellguide, med kompetanse på alle årstider. Han har drive med topptur- og fjellturisme, og likar seg aller best når han får vere ute i det fri. Særleg saman med andre som likar det same.

 

Nyheiter

Nyheiter fra årets linje: Topptur klatring Fjellsport

Til toppen