Rein natur

Fakta om linja

  • I pakt med naturen
  • Fridykking
  • Hauste av naturen
  • Stell av villsau
  • Kajakk og kano
  • Femundsmarka
  • Sri Lanka

Dette er linja for for deg som er glad i den reine naturen, noko vi har masse av på Vestlandet. Du likar friluftsliv, men er ikkje av den ekstreme typen som er ute etter adrenalinkicket og ekstreme opplevingar. Du er glad i både menneske og dyr, og du synes det er viktig å ta vare på naturen og kloden. Du vil gjere den litt reinare.

Her er ein smakebit på noko av det du har i vente

Filmane er laga av Birger Helle Fatland

Rein Natur villsauveke Sørværet naturreservat
Rein Natur på villsauveke hos Hilde Buer og Anders Braanaas i Sørværet naturreservat på Værlandet. Herlege dagar.

Du får oppleve fuglefjellet på nært hald, og kanskje sel og andre sjødyr. Du får vandre på snaufjellet, i skogane, gå dine eigne skispor i urørt snø, sove under open himmel og i snøhole. Det er du sjølv som set grensene – og som flyttar dei.

Foto: Birger Helle Fatland

Du vil neppe gå glipp av dette

Dette er heilt vilt: Vi skal lære å drive med villsauer slik det har vore gjort i mange tusen år. Kva med hundre lam som skal temmast eitt og eitt og lære dei at menneska er snille? Dersom du er vennleg, så vil dei merke det med ein gong. Dette foregår i den flottaste naturen du kan tenke deg.

Foto: Eivind Kise

Du vil også få vere med å på halde kystlandskapet slik det har vore sidan vikingtida. Sørværet Naturreservat er beitelandskapet for villsauene, og det skal haldast reint for granvokster og søppel m.m.

Du får lære kajakkpadling og oppleve den flotte Sunnfjordkysten .Du vil lære kanopadling på idylliske fjellvatn, fiske, overnatte ute rundt leirbålet.

Foto: Eivind Kise

e16_d_fhs_kano-valgfag_dsc6696_red-min

Foto: Eivind Kise

Vi må heller ikkje gløyme at mesteparten av naturen på kloden er under vatn! Du får lære fridykking, og med lungene som einaste luftreserve får du oppleve det spanande livet under vatn. Maske, snorkel, våtdrakt og svømmeføtter. Ingen oksygenflasker, ingen kompliserte greier. Vi skal hauste av naturen, både gjennom sanking og undervannsjakt, og vi skal bruke det vi haustar av bær, sopp, fisk og sjømat i mat vi lagar på tur. Du vil lære om kystfiske, og få oppleve havfiske. 300 gram aure på kroken er fint, men kva med torsk på fem kilo?

Foto: Øyvind Korsøen

 

Studieturar til Femundsmarka og Sri Lanka

Foto: Tomas Svendsen

Foto: Thomas Svendsen

På hausten går ferda til spanande og mystiske Femundsmarka. Les meir om Femundsmarka her.

På Sri Lanka tek dei vare på dei ville elfantane.

I februar dreg vi på tur til Sri Lanka, landet som alle har eit forhold til. Turen er ein kombinert linjetur og fellestur for alle elevane. Les meir om fellesturen til Sri Lanka her. Turen er frivillig!

Foto ekspedisjon-linja reiser til Sri Lanka for å hauste gode naturopplevingar, nye smakar, møte ny kultur og ta bilete som fortel gode historiar. Dette gjer vi når vi reiser rundt på Sri Lanka i klassen, og før vi er med på fellesopplegget saman med dei andre linjene.

Vi startar turen i byen Negombo og dreg vidare til frodige Sigiriya for klatre Sigiriya Lion Rock (UNESCO world heritage site). Vi skal besøke Temple of tooth relics og sjå Kandy, ein av dei vakraste byane på Sri Lanka.

Vi skal bestige Adams Peek og sjå soloppgangen frå toppen saman med pilegrimar. Ei heilt spesiell oppleving. Vidare dreg vi på dyresafari i Tissamaharama der vi vil komme tett på dei ville dyra.  

Vi får oppleve togreise i innlandet, der vi får eit nært møte med både natur og livet langs jernbana. Vi køyrer gjennom teplantasjar og vil få sjå 9 Arch bridge. Vi skal også gå opp på Ella Rock og nyte utsikta over dei frodige og grønne områda rundt.

Vi vil også besøke vår søster-folkehøgskule Kaman Folk High School på austkysten, der vi skal bli kjent med elevane og dei tilsett. Det blir besøk i fiskelandsbyen nært skulen, der vi får lære korleis dei driv fiske.

kanskje får vi også oppleve blåkvalsafari, fridykking og surfing. Før vi dreg heim til Noreg skal vi besøke skilpaddeklekkeri og tsunami fotomuseum.

Ein studietur full av varierte naturopplevingar, spanande kultur, gode biletmotiv og nye smakar.

OBS: Siste delen av turen er vi saman med alle dei andre linjene på skulen.

Sri Lanka-turen er frivillig.

Det gode livet – kva er det

Spørs om ikkje det er dette som er det gode livet? Å vere i pakt med naturen, å vite et ein utgjer ein liten forskjell, og gjere dette blant gode venner som deler dei same gledene. Naturen i Sunnfjord kan måle seg med den finaste vi har i landet. På enkelte område heilt unik. Innanfor to timars reise frå skulen har vi alt frå høgfjell og isbre til elvar, vatn, skog og toppar til fjord, øyar og skjergard. Er ikkje det flott? Vi synes i alle fall det og er veldig stolte av den. Ikkje så verst rein heller, og det skal du få vere med å bidra med. Velkomen!

Foto: Eivind Kise

Nyttig informasjon

NUJ Fridykkarkurs (Norsk undervannsjeger)                                                                   Gjennom fridykkarkurs blir du sertifisert med NUJ Fridykkarsertifikat. Kurset går over fleire dagar og inneheld teori med prøve, praktiske øvingar i basseng og sjødykk med utprøving av dykketeknikk og utforsking av livet under vatn. OBS: Dersom du synes at fridykking virkar skremmande, så kan du slappe heilt av, dette er ingen ekstrem aktivitet og ingen blir kasta i vatnet mot sin vilje! Frykt ikkje!

Våttkort grunnkurs for havkajakk og kano                                                                       Begge kursa er på 16 timar, fordelt på fleire dagar, og gir ei grundig innføring i padleteknikk, kameratredning og tryggleik i kano og havkajakk. Du får sertifikat.

Du kan måtte betale ekstra for slike kurs.

Foto: Birger Helle Fatland

Kva treng du av utstyr?

Du treng generelt friluftsutstyr: Kjøp brukt på finn.no eller lån utstyr frå familie og venner. Det er ein fin måte å spare pengar og miljøet på.

Fjellsekk (Herre 95-100L/Dame 75-85L) Vintersovepose. Liggeunderlag. Vanntette og stødige fjellsko. Regntett/vindtett turjakke og turbukse. Fjellski. Gamasjar. Fotposar. Termos. Hovudlykt. Tjukk ullgenser. Hue, ullvottar med vindvott. Ullundertøy. Speglkompass og kartmappe. Sykkel. Fiskestong til bruk i sjø og ferskvatn (kombistong). Fotokamera (om du har).

 

Fakta om linja

  • I pakt med naturen
  • Fridykking
  • Hauste av naturen
  • Stell av villsau
  • Kajakk og kano
  • Femundsmarka
  • Sri Lanka

Vi reiser til

Linjelærar

Birger Helle Fatland

Birger Helle Fatland

Birger brenn for å formidle gode naturopplevingar. Han er linjelærar på Rein natur. Birger er friluftslivsvegleiar, har mastergrad i Friluftsliv (Høgskolen Bø i Telemark), og har allmennlærarutdanning med fordjuping innan friluftsliv og musikk (Høgskulen i Bergen og Bø). Han har tidligare arbeida som lærar i grunnskulen og som timelærar i friluftsliv ved studie for Friluftsliv, natur- og kulturveiledning på Høgskulen i Bø. Han er særleg glad i solide tyribål, kanopadling, havkajakk, overnatting ute, fridykking, gitar og turar i skog og fjell.

+47 95 11 62 35

 

Nyheiter

Nyheiter fra årets linjer.

Linjemenyen for 2018 – 2019 er lansert

Neste skuleårs linjer er presenterte! Forutan dei sju linjene som vi har gåande pr i dag, så presenterer vi to heilt nye tilbod som vi har stor tru på og som vi aldri har hatt før: Events Festivals og No Limits. Fotolinja har fått ny profil. Velkommen inn på visning!

Les meir

Hildegunn blei elevrådsleiar

Etter eit uvanleg spennande val, enda Hildegunn Weum opp som elevrådsleiar – med kun ei stemmes overvekt.

Les meir

Stipendiatane har hatt sin elevkveld-debut

Som lang tradisjon tilseier, har stipendiatane sin elevkveld tidleg på skuleåret. Dette er jammen ein kreativ gjeng!

Les meir

Til toppen