Peacemaker

Fakta om linja

  • To lengre reiser
  • Fredsarbeid
  • Fattigdomsbekjemping
  • Foto og media
  • Tanzania
  • Sri Lanka
  • Kulturkunnskap

Er du av dei mange som vurderer eit friår for å reise? Kanskje du i tillegg har lyst til å gjere noko som ikkje handlar berre om deg sjølv? Vere nyttig? Gjere at nokon blir litt glad for at du er til? Oppleve ting som garantert vil forandre deg til ein betre utgåve av deg sjølv? Rett og slett gå inn i ein tanke som er større enn deg sjølv?

Vi har eit alternativ som vi meiner er betre enn Work and Travel-konseptet som mange tyr til. Vi reiser på studieturar med fredsbygging som føremål. Vi får innsikt i sosiale forhold og daglegliv. Vi knytter kontakter og lærer andre å kjenne. Vi er saman med ungdom frå ulike sosiale lag, funksjonshemma og funksjonsfriske, og folk frå ulike etnisitetar. Dette er fredsarbeid i praksis.

Sagt om bistandsarbeid: «Det enklaste som fins er å bygge ein skule. Det er fort gjort. Det vanskelege er å bygge fred, for det kan ta lang tid». Vi tenker at fredsbygging er viktigast, og vi har lyst til at du skal oppleve at det er interessant å lære om og oppleve.

Fredsarbeid er eit stort og langt prosjekt. Vi begynner her, og sår eit frø.

For den som vil og kan

Denne linja er ikkje for alle. Dette er for dei som vil og kan.
Du må tole å vere borte i lengre periodar under andre forhold enn det vi er vant med her heime. Det blir ikkje ekstremt, men likevel ikkje slik vi har det hos oss.

2016-01-05_brief_report_from_visit_to_kamam_fhs

Kamam Folk High School på Sri Lanka. Foto: Asbjørn Tufto.

To lengre reiser

Du får eitt lengre opphald på Sri Lanka og eitt lengre opphald i Tanzania eller i Kenya  i regi av våre samarbeidande organisasjonar. Du vil få bidra med fredsarbeid i praksis.

Les meir om Sri Lanka her, og Tanzania her.

Kompetanse

Du får også kompetanse for å drive med informasjonsarbeid, journalistikk og foto. Spesialfelt: Bistand og globale spørsmål.

Du vil ha ein lokal gruppeleiar som har nær kontakt heile tida og som følgjer opp det daglege arbeidet. Du vil måtte samarbeide med dei andre i gruppa over lang tid, så det stiller krav til tilpasningsevne og samarbeidsvilje.

Du vil operere saman med ei mindre elevgruppe, og det vil
vere med ein lærar i deler av perioden.

Tanzania-gruppa i 2017.

Ikkje eit vanleg folkehøgskuleår

Intervju

Fordi ein er bortreist om lag halve skuleåret, så blir ikkje dette eit vanleg folkehøgskuleopplegg. Du vil ikkje kunne vere med i alle aktivitetane som dei andre elevane er med på, fordi vi er mykje borte frå skulen. Du vil heller ikkje kunne vere med på alle valfaga.

Difor ønskjer vi å intervjue alle søkjarane på linja. Det vil skje hovudsakleg på telefon.

Kven passar linja for?

Har du gått på folkehøgskule før, så er du kanskje dei vi ser etter. Har du reiseerfaring utover skuleturar og sydenturar, så er du kanskje den vi ser etter. Dersom du har leiarerfaring og vand til å ta ansvar, så er det bra! Kanskje du har studiepoeng frå Interkulturell forståing eller liknande? Eller du har vore eittåring i ein ideell organisasjon? Eller kanskje du har anna erfaring som gjer at du har trua på at dette kan gå bra? Då bør du søke.

Skuleåret består av:

  • Bistandsfag, Peacemaker-ideologi, kulturkunnskap, reisemålskunnskap. Grunnleggande fotokunnskap.
  • Reiseperiode i Tanzania eller Kenya
  • Mediekunnskap og foto- og filmkunnskap. Turbearbeiding.
  • Reiseperiode på Sri Lanka . Ein del av denne reisa er saman med alle linjene på skulen.
  • Produksjon av film, artiklar o.l. Her skal du bli god til å fortelje andre om kvifor arbeidet du har vore ein del av er så viktig! Omreisande info-aktivitet.

Dette skal bli akkurat trygt nok og utfordrande nok.


Har vi funne på dette sjølv?

Nei, slett ikkje. Vi er inspirerte av både humanistar og kristne. Å skape fred er ei av dei viktigaste oppgåvene vi har som menneske.

Her er ditt vern mot vold,
her er ditt sverd:
Troen på livet vårt,
menneskets verd.
For all vår fremtids skyld,
søk det og dyrk det,
dø om du må – men:
øk det og styrk det.
….
Da synker våpnene
maktesløse ned!
Skaper vi menneskeverd,
skaper vi fred. ……

(Frå Nordahl Grieg: Til ungdommen)

Sæle dei som skaper fred,
dei skal kallast Guds born.

(Bibelen, Matteusevangeliet)

Microsoftgründeren Bill Gates spår at i året 2035 finst ikkje lenger fattige land. Å bekjempe fattigdom er faktisk heilt mulig, og det heng saman med fredsarbeid.

Dette vil vi vere med på! Vil du?


Prisar på linjene

Vi anbefaler at du går inn på priskalkulatoren som du finn på kvar enkelt linje på Folkehøgskolene.  Der ligg alle valmuligheiter inne, og du får ein korrekt pris der alt er inkludert.

Prisen er ulik på linjene, og blir påverka av om ein oppgraderer rommet, er med på spesielle valfag m.m. Alt dette ligg inne i priskalkulatorenwww.folkehogskole.no

Du finn utfyllande informasjon på Pris-sida.

52

Fakta om linja

  • To lengre reiser
  • Fredsarbeid
  • Fattigdomsbekjemping
  • Foto og media
  • Tanzania
  • Sri Lanka
  • Kulturkunnskap

Vi reiser til

Linjelærar

Dilanka Fernando

Dilanka Fernando

Dilanka er frå Sri Lanka, har vore elev ved skulen for ein del år sidan, og er no tilbake som lærar. Ho har hatt ansvaret for fleire av skulen sine turar til Sri Lanka dei siste åra. Ho har arbeidd i humanitær organisasjon i fleire år før ho kom tilbake til Norge.

+47 48 62 01 17

 

Nyheiter

Nyheiter fra årets linje: Peacemaker

Årets store kulturhending på Sunnfjord Folkehøgskule

17. november er datoen for årets store kulturhending på Sunnfjord Folkehøgskule. Vi skal fylle store scena på Førdehuset med elevar, og forhåpentleg heile salen med publikum.

Les meir

Til toppen