No Limits

Fakta om linja

  • Idrett
  • Friluftsliv
  • Treningsstudio
  • Bryg grenser
  • Sosialt fellesskap

Dette er eit tilbod spesielt for dei som er fysisk funksjonshemma. Du er kanskje avhengig av rullestol eller andre hjelpemiddel i det daglege. Målet er å flytte grensene for det du trudde var mulig.

Du vil bli inspirert til å bryte grensene for det du kanskje har tenkt var grensa for det du kan greie. Lars Monsen har med sin fjernsynsserie «Ingen grenser» vist at muligheitene er mange, og det er opp til kvar enkelt om ein vil begrense sitt eige liv.

Du vil få utøve mange slags idrettar, ikkje minst i vår flotte oppvarma sandhall. Den har 40 cm med førsteklasses sand og laga for mange forskjellige sandidrettar. Det blir også lagt vekt på turar og naturopplevingar. Felles tur til Sri Lanka med alle elevane blir det også. Sri Lanka-turen kan veljast bort.

Vi legg også stor vekt på naturleg samvær med alle dei andre elevane på skulen, av og til vil du få vere med på aktivitetar saman med dei andre linjene.

Det er ingen forskjell på folk om ein har ulik grad av bevegelse, og alle har sine utfordringar uansett kva fysisk utrustning ein har.

Linja passar for dei som er avhengig av rullestol eller andre typer hjelpemiddel. Eller det kan vere at du går utan, men har begrensa muligheit til å vere med på det som dei fleste andre kan gjere.

Dette vil du lære

  • Forskjellige idrettar som alle kan vere med på
  • Friluftsliv og utandørsaktivitetar på dine eigne vilkår
  • Sette seg nye mål – og nå dei
  • Lage treningsprogam i treningsstudio
  • Bruk av terapibasseng og svømmehall

Våre forventningar til deg

  • Du er motivert for å bryte grenser og ta utfordringar
  • Du ønskjer å gje livet ditt nye kvalitetar
  • Du aksepterer at begrensningane sit i hovudet, ikkje i kroppen
  • Du veit at du er like nomal som alle andre
  • Med andre ord: Vi forventar det same av deg som alle andre elevar.

Er du interessert? Søk!

Har du spørsmål? Ta kontakt med oss på epost rektor@sunnfjord.fhs.no eller ring 92644465.

Fakta om linja

  • Idrett
  • Friluftsliv
  • Treningsstudio
  • Bryg grenser
  • Sosialt fellesskap

Vi reiser til

Linjelærar

Det er enno ikkje bestemt kven som blir linjelærar på No Limits.

 

Nyheiter

Nyheiter fra årets linje: No Limits

Årets store kulturhending på Sunnfjord Folkehøgskule

17. november er datoen for årets store kulturhending på Sunnfjord Folkehøgskule. Vi skal fylle store scena på Førdehuset med elevar, og forhåpentleg heile salen med publikum.

Les meir

Til toppen