Leder – Trainee

Fakta om linja

  • Ledertrening
  • Assistere undervisning
  • Arrangere aktivitetar
  • Teamarbeid
  • Valgfri linje
  • Studietur

Denne linja gir deg litt andre utfordringar enn dei andre linjene. Du har kanskje gått eitt år før, hos oss eller på ein annan folkehøgskule. Eller kanskje har du ei lknande erfaring som gjer at du kan ta større ansvar.

Elevane er med på linjeopplegget på ei av dei andre linjene, men dei vil få eit utvida ansvar i undervisninga og på turar. Dette skjer i nært samarbeid med læraren på linja.

Det vil inngå leiartrening og -opplæring, og det blir tett oppfølgjing av ein av lærarane gjennom heile året. Dette kjem i staden for ein del av dei timane som dei andre har, det kan vere fellesfag og av og til valfag.

I tillegg skal desse elevane ha ansvar for miljøaktivitetar i helgar og på kveldar, og ein vil til ei viss grad ha ansvar for å følgje opp elevar som treng litt ekstra støtte.

Bistandsarbeid

Du vil også få vere med og ta ansvar for skulen sitt store bistandsprosjekt, som er å støtte Kamam Folk High School, som er vår søsterskule på Sri Lanka. Alle elevane på skulen er med i dette arbeidet, og Leder – Trainee-elevane skal vere i fronten og ha litt ekstra ansvar for å dra lasset. Meir om Kamam her.

Kristent arbeid

Vi er ein kristen skule. Vi ønskjer også at elevane på Leder – Trainee kan vere med å ta ansvar for å styrke kristne miljøaktivitetar på skulen, for eksempel kristne samlingar, allsangkveldar og morgonsamlingar.

Studieturar

Elevane på Leder – Trainee blir med på studieturane til den linja ein vil følgje. Du kan også bli med på  fellestur til Sri Lanka. På enkelte linjer ligg denne inne i det faste opplegget. Sjekk studiereiser på den aktuelle linja!

Intervju

Det er intervju med alle som søkjer på denne linja. Vi tek opp kun eit mindre antal elevar på denne linja.

Pris

Prisen på Leder – Trainee er lavare enn for dei andre linjene og vil variere etter kva linje du veljer å følgje (mest fordi studieturane kostar ulikt). For enkelte av linjene kjem Sri Lanka-turen i tillegg fordi den er frivillig.

Du vil ikkje finne prisen på denne linja der du vanlegvis finn prisane (på kvar enkelt linje på https://www.folkehogskole.no/skole/sunnfjord) . Difor vil vi vise prisane her for skuleåret 2019-20:

Dette kostar det på Leder – Trainee på dei forskjellege linjene:

  • E-sport kr 21 600,- + evt Sri Lanka kr 15 000
  • Dans Idrett Brasil kr 35 600,- + evt Sri Lanka kr 15 000,-
  • Sport Adventure Australi Sri Lanka kr 41 600,- (Sri Lanka er inkludert)
  • Villmarksliv Fridykking Padling kr 42 600,- (Sri Lanka er inkludert)
  • Topptur Klatring Fjellsport kr kr 42 600,- (Sri Lanka er inkludert)
  • Peacemaker kr 53 050,- (Sri Lanka er inkludert)
  • Kampsport kr 32 100,- + evt Sri Lanka kr 15 000,-
  • Surfing Beachsport kr 54 600,- (Sri Lanka er inkludert)
  • Foto Video Animasjon kr 40 100,- (Sri Lanka er inkludert)
  • Volleyball kr 33 600,- + evt Sri Lanka kr 15 000,-

Husk at vil få stipend på kr 43 300,-, noko som dekker det meste på dei fleste linjene. I tillegg kan du ta opp studielån. Alt om stipend og lån på Lånekassen si hemeside.

Fakta om linja

  • Ledertrening
  • Assistere undervisning
  • Arrangere aktivitetar
  • Teamarbeid
  • Valgfri linje
  • Studietur

Vi reiser til

Linjelærar

Kristy Ledene Johnson

Kristy Ledene Johnson

Kristy har lang erfaring frå barne- og ungdomsarbeid, idrettsarbeid og miljøarbeid. Kristy er ein ekte "foody" frå Canada som har budd mange år i Norge. Ho er langt over gjennomsnittet interessert i internasjonal matlaging og forskjellege feiringar og events. Dessutan likar ho friluftsliv.

+47 98049895

 

Nyheiter

Nyheiter fra årets linjer.

Programmet for julemessa 1. desember

Programmet for julemessa 2018 er klart. Gjer unna julegåvene og julebaksten før julerushet og tidsklemma!

Les meir

Her kan du lese brosjyra for 2019-2020

Her kan du lese brosjyra for neste skuleår.

Les meir

Morgonsamling i dansesalen

I dag var morgonsamlinga om tru, håp og kjærleik, ved danselærar Anders Nydal.

Les meir

Til toppen