Kampsport

Jujutsu, judo, kali & karate utført i trygge rammer. Mange former for kampsport og sjølvforsvar, med vekt på å utvikle mental tilstand og fysisk meistring. Studietur til Brasil.

Du lærer sjølvforsvar, handtere kniv og sverd, fallteknikk, kast, slag, spark & bryting. I tillegg til kondisjon, styrke, smidighet, balanse, koordinasjon & mental trening. Erfaren instruktør.

Tilgang til nytt treningssenter på skulen, for styrke og kondisjonstrening. Her trener du når du vil, i tillegg til det som er lagt inn i undervisninga.

Det vil også bli lagt vekt på kosthald og ernæring og allsidig idrett. Du vil få vere med på å bruke den fantastiske naturen vi har rundt oss, og du vil bli inspirert av å vere saman med ungdommar som driv andre idrettar enn deg sjølv.

Vi har Norges finaste sandhall med oppvarma sand til bruk heile året. Perfekt til alternative treningsformer og til sandidrettar. Der er det også ein 12 meters klatrevegg, og du vil få tilbod om å ta brattkort.

Pris (blir oppdatert snart!)

Besøk linjesida vår på  www.folkehøgskole.no I priskalkulatoren ligg alle valmuligheiter inne, og du får ein korrekt pris der alt er inkludert. Prisen er ulik på linjene fordi dei har forskjellige turar og krav til utstyr. På enkelte linjer er det ein frivillig utanlandstur, du kan oppgradere rommet, vere med på spesielle valfag m.m.

Du finn utfyllande informasjon på Pris-sida.


Denne linja er ny, og det vil kome meir stoff om den etter kvart!

Nyopna treningssenter på skulen.

Nyopna treningssenter på skulen.

Vi reiser til

Linjelærar

Janne Gravdal

Janne Gravdal

Janne har lang erfaring som kampsportinstruktør. I tillegg har ho som mangeårig kokk og konditor god peiling på kosthald.

+47 48149728

 

Nyheiter

Nyheiter fra årets linje: Kampsort

Til toppen