Sport Adventure Australia Fiji

Fakta om linja

  • Trening
  • Friluftsliv
  • Eventyr
  • Ballidrett
  • Styrketrening
  • Australia og Fiji
  • Opplevingar

Har du ein draum om å reise til Australia og Fiji? Likar du å trene og kjenne blodet bruse gjennom kroppen når du er i aktivitet? Har du lyst på eventyrlege opplevingar i storslått vestlandsnatur? Svarar du ja på desse spørsmåla så er dette linja for deg.

Sport:

Dette blir eit år du skal få trene og vere i aktivitet. Det blir eit variert opplegg der du skal prøve mange idrettar. Du treng sjølvsagt ikkje ha prøvd alt før. Det viktigaste er at du har lyst.

Idrettane du skal gjennom:

  • fotball
  • volleyball
  • frisbeegolf
  • landhockey
  • basketball
  • orientering
  • langrenn
  • styrketrening
  • sirkeltrening
  • spinning
  • kampsport
  • sykling

unspecified72n8q1xv

Adventure:

Du skal på tur på eksotiske og eineståande Via ferrata i Loen. Dette er ei klatrerute som er mogeleg for alle å gjennomføre og som til slutt endar på fjelltoppen Hoven.

Tidleg på hausten skal du på surfekurs på Stad som er omkransa av vill og vakker natur. Du tenker kanskje at du kjem til å fryse når du leikar i bølgene utpå hausten, men det er ikkje eit problem. Du får kyndig innføring i grunnleggande teknikk av ein instruktør. Noko du kjem til å nytte godt av når du også skal surfe på vår tur til Australia og Fiji. Stad ligg så langt vest det går an å komme og naturen er spesiell. I tillegg til å surfe skal vi på ein rundtur i området og bevege oss ut i naturen i havgapet.

Det blir også ein spennande raftingtur ned Jølstraelva. Kva med kajakkurs, kanotur og sykling på ei øygruppe ute i havet? Du skal få oppleve ein telttur til eksotiske og avsidesliggande Vetvika, ei nydelig strand ute i havgapet.

Du vil få vere med på fjellturar med utsikt som gir fred i sjela. Du skal få lære å lage bål, og lære å lage mat ute i naturen. I tillegg skal vi sanke inn litt mat sjølv, plukke litt bær og sopp.

Sjølvsagt må vi på fisketurar og lage mat ut av dette. Målet er at du skal få komme ut og oppleve gode eventyr iløpet av året, og som skal gi deg meistringsfølelse og gode minne for resten av livet.

Australia og Fiji

I februar reiser vi til Australia i to veker og Fiji i ei veke. På denne turen skal du vere ryggsekkturist og reise innom mange spennande plassar. Les meir om turen på nettsida vår om reisa.

images20pwm6lw

Fasilitetar

På skulen og i området rundt har vi gode fasilitetar for idrett og friluftsliv. Skulen har eigen gymsal. I Sunnfjordhallen har vi eigen sandhall der det er to sandvolleyballbaner, ei sandfotballbane og klatrevegg på 12 meter. Hallen er ein sandhall som er oppvarma for heilårsbruk.

I Hafstadparken finnes det to fotballbaner, fleire sandvolleyballbaner, ballbinge, skatepark og sykkelløype.

Skulen har også samarbeid med treningssenteret Puls som du kan bruke så mykje du vil dette skuleåret. Like i nærheten finnes langrennsløyper og slalåmbakkar.

unspecifiedsveuo3ryNaturen i Sogn og Fjordane er unik. Og gjennom skuleåret skal du på eventyr og utforske noko av det eineståande ved naturen vi har her.

Vi har eventyrlige fjell og fjellvatn, og dei ville vestlandsfjordane er kjent over heile verda. Dette blir vårt klasserom og du skal få vere med på eventyr frå kyst til innland, på fjell, og i vakre dalar. Det å vere ute i naturen er vanskelig å beskrive, det må opplevast. Roen, stillheita og lydane er noko som er godt for kropp og sinn. Håpar du blir med oss på eventyr for å kjenne på desse mekanismane.

 

 

Kurs du kan få i løpet av skuleåret

  • Snøskredkurs
  • A-trenerkurs
  • Brattkortkurs
  • Fridykkerkurs

Det kan kome ekstra kostnader for kursa.

Passar eg for denne linja?

  • Likar å trene allsidig og variert.
  • Likar å drive med fleire idrettar.
  • Er eventyrlysten.
  • Likar å reise.
  • Likar å vere ute i naturen.
  • Likar å trene inne i ein gymsal, sandhall eller på treningssenter.
  • Likar å utfordre seg sjølv.
  • Er positiv.

Kjenner du deg igjen i minst to av punkta så er dette linja for deg.

 

 

Fakta om linja

  • Trening
  • Friluftsliv
  • Eventyr
  • Ballidrett
  • Styrketrening
  • Australia og Fiji
  • Opplevingar

Vi reiser til

Linjelærar

Are Gunnar Korsvoll

Are Gunnar Korsvoll

Are Gunnar Korsvoll er linjelærar på Sport adventure Australia Fiji. Han har vore lærar på fotball-linja ved skulen i 8 år, men har ei brei interesse for både idrett og friluftsliv. Are Gunnar gjekk på lærarhøgskulen i Tromsø, han har historie grunnfag frå universitetet i samme by. I tillegg har han idrett mellomfag frå idrettshøgskulen i Sogndal. Sjølv har han vore aktiv innan fotball, friidrett og volleyball, men har også gjennom erfaring skaffa seg kunnskap på friluftsliv.

+47 99 29 70 78

 

Nyheiter

Nyheiter fra årets linjer.

Ny lærar på Global Foto – og litt nytt innhald

Arve Ullebø blir ny lærar på Global Foto frå hausten. Han vil også tilføre linja ein heilt ny dimensjon: Dronefoto.

Les meir

– Kvart minutt på Sunnfjord Folkehøgskule var viktig for meg

Les denne! Vi ønskjer at fleire elevar frå Kamam Folk High School, som Mistika, som du kan lese om her, skal få sjansen til å reise til Sunnfjord Folkehøgskule for å få styrken for å bety noko for andre ungdommar på Sri Lanka.

Les meir

Eventyrleg avslutningstur

Det har vore fast vane gjennom fleire år å dra til Nesholmen leirtad på avslutningstur. Sjå denne flotte filmen!

Les meir

Til toppen