Peacemaker

Fakta om linja

  • To lengre reiser
  • Fredsarbeid
  • Fattigdomsbekjemping
  • Foto og media
  • Afrika
  • Sri Lanka
  • Kulturkunnskap

Er du av dei mange som vurderer eit friår for å reise? Kanskje du i tillegg har lyst til å gjere noko som ikkje handlar berre om deg sjølv? Vere nyttig? Gjere at nokon blir litt glad for at du er til? Oppleve ting som garantert vil forandre deg til ein betre utgåve av deg sjølv? Rett og slett gå inn i ein tanke som er større enn deg sjølv?

Vi har eit alternativ som vi meiner er betre enn Work and Travel-konseptet som mange tyr til.

For den som vil og kan

Denne linja er ikkje for alle. Dette er for dei som vil og kan.
Du må tole å vere borte i lengre periodar under andre forhold enn det vi er vant med her heime. Det blir ikkje ekstremt, men likevel ikkje slik vi har det hos oss.

Vi reknar to reiseperiodar på om lag 8 veker.

2016-01-05_brief_report_from_visit_to_kamam_fhs

Kamam Folk High School på Sri Lanka. Foto: Asbjørn Tufto.

To lengre reiser

Du får lengre opphald på Sri Lanka og i Tanzania i regi av våre samarbeidande organisasjonar. Du vil få bidra med fredsarbeid i praksis.

Les meir om Sri Lanka her, og Tanzania her.

Kompetanse

Du får også kompetanse for å drive med informasjonsarbeid, journalistikk og foto. Spesialfelt: Bistand og globale spørsmål.

Du vil ha ein lokal gruppeleiar som har nær kontakt heile tida og som følgjer opp det daglege arbeidet. Du vil måtte samarbeide med dei andre i gruppa over lang tid, så det stiller krav til tilpasningsevne og samarbeidsvilje.

Du vil operere saman med ei mindre elevgruppe, og det vil
vere med ein lærar første dagane av perioden.

Kenya526441_10151497927405192_930124023_n

 

Ikkje vanleg folkehøgskule

Intervju

Fordi ein er bortreist halve skuleåret, så blir ikkje dette eit vanleg folkehøgskuleopplegg. Difor ønskjer vi å intervjue alle søkjarane på linja. Det vil skje på telefon, skype/facebook e.l.

Har du gått på folkehøgskule før, så er du kanskje dei vi ser etter. Har du reiseerfaring utover skuleturar og sydenturar, så er du kanskje den vi ser etter. Dersom du har leiarerfaring og vand til å ta ansvar, så er det bra! Kanskje du har studiepoeng frå Interkulturell forståing eller liknande? Eller du har vore eittåring i ein ideell organisasjon? Eller kanskje du har anna erfaring som gjer at du har trua på at dette kan gå bra? Då bør du søke.

Skuleåret blir i store trekk slik:

  • Første periode: Bistandsfag, Peacemaker-ideologi, kulturkunnskap, reisemålskunnskap. Grunnleggande fotokunnskap.
  • Andre periode: 8 veker i Tanzania eller på Sri Lanka i gruppe.
  • Tredje periode: Mediekunnskap og foto- og filmkunnskap.
  • Fjerde periode: 8 veker til motsett reisemål i forhold til 2. periode.
  • Femte og siste periode: Produksjon av film, artiklar o.l. Trening i mediekontakt og marknadsføring av prosjektet innimot sponsorar og media. Her skal du bli god til å fortelje andre om kvifor arbeidet du har vore ein del av er så viktig! Omreisande info-aktivitet.

Dette skal bli akkurat trygt nok og utfordrande nok.

Har vi funne på dette sjølv?

Nei, slett ikkje. Vi er inspirerte av både humanistar og kristne. Å skape fred er ei av dei viktigaste oppgåvene vi har som menneske.

Her er ditt vern mot vold,
her er ditt sverd:
Troen på livet vårt,
menneskets verd.
For all vår fremtids skyld,
søk det og dyrk det,
dø om du må – men:
øk det og styrk det.
….
Da synker våpnene
maktesløse ned!
Skaper vi menneskeverd,
skaper vi fred.

……

(Frå Nordahl Grieg: Til ungdommen)

Sæle dei som skaper fred,
dei skal kallast Guds born.

(Bibelen, Matteusevangeliet)

Microsoftgründeren Bill Gates spår at i året 2035 finst ikkje lenger fattige land. Å bekjempe fattigdom er faktisk heilt mulig, og det heng saman med fredsarbeid.

Dette vil vi vere med på! Vil du?

52

Fakta om linja

  • To lengre reiser
  • Fredsarbeid
  • Fattigdomsbekjemping
  • Foto og media
  • Afrika
  • Sri Lanka
  • Kulturkunnskap

Vi reiser til

Linjelærarar

Iselin Valdersnes Marøy

Iselin Valdersnes Marøy

Iselin er utdanna innan interkulturell forståing ved NLA Høgskulen, der ho også studerte pedagogikk. Etter å ha fullført utdanninga, reiste ho på utveksling med Fredskorpset og KFUK-KFUM Global eitt år. Ho har jobba og studert i land som USA, Ghana, Bolivia og Sri Lanka, medan ho i Noreg har erfaring frå ulike ideelle organisasjonar.

+47 95 75 16 84

Dilanka Fernando

Dilanka Fernando

Dilanka er frå Sri Lanka, har vore elev ved skulen for ein del år sidan, og er no tilbake som lærar. Ho har hatt ansvaret for fleire av skulen sine turar til Sri Lanka dei siste åra. Ho har arbeidd i humanitær organisasjon i fleire år før ho kom tilbake til Norge.

+47 48 62 01 17

Liknande linjer

 

Nyheiter

Nyheiter fra årets linjer.

Hildegunn blei elevrådsleiar

Etter eit uvanleg spennande val, enda Hildegunn Weum opp som elevrådsleiar – med kun ei stemmes overvekt.

Les meir

Stipendiatane har hatt sin elevkveld-debut

Som lang tradisjon tilseier, har stipendiatane sin elevkveld tidleg på skuleåret. Dette er jammen ein kreativ gjeng!

Les meir

Morgonsamling i Førde kyrje

Kvart skuleår har vi det som tradisjon å ha ei av dei første morgonsamlingane i kyrkja.

Les meir

Til toppen