Rein natur

Fakta om linja

  • I pakt med naturen
  • Fridykking
  • Hauste av naturen
  • Stell av villsau
  • Kajakk og kano
  • Femundsmarka
  • Egypt

Dette er linja for for deg som er glad i den reine naturen, noko vi har masse av på Vestlandet. Du likar friluftsliv, men er ikkje av den ekstreme typen som er ute etter adrenalinkicket og ekstreme opplevingar. Du er glad i både menneske og dyr, og du synes det er viktig å ta vare på naturen og kloden. Du vil gjere den litt reinare.

Her er ein smakebit på noko av det du har i vente

Filmane er laga av Birger Helle Fatland

Du får fotokurs, slik at du kan ta flotte naturbilete med kameraet ditt. Oppleve fuglefjellet på nært hald, og kanskje sel og andre sjødyr. Du får vandre på snaufjellet, i skogane, gå dine eigne skispor i urørt snø, sove under open himmel og i snøhole. Det er du sjølv som set grensene – og som flyttar dei.

Foto: Birger Helle Fatland

Du vil neppe gå glipp av dette

Dette er heilt unikt: Vi skal lære å drive med villsauer slik det har vore gjort i mange tusen år. Kva med hundre lam som skal temmast eitt og eitt og lære dei at menneska er snille? Dersom du er vennleg, så vil dei merke det med ein gong. Dette foregår i den flottaste naturen du kan tenke deg.

Foto: Eivind Kise

Du vil også få vere med å på halde kystlandskapet slik det har vore sidan vikingtida. Sørværet Naturreservat er beitelandskapet for villsauene, og det skal haldast reint for granvokster og søppel m.m.

Du får lære kajakkpadling og oppleve den flotte Sunnfjordkysten .Du vil lære kanopadling på idylliske fjellvatn, fiske, overnatte ute rundt leirbålet.

Foto: Eivind Kise

e16_d_fhs_kano-valgfag_dsc6696_red-min

Foto: Eivind Kise

Vi må heller ikkje gløyme at mesteparten av naturen på kloden er under vatn! Du får lære fridykking, og med lungene som einaste luftreserve får du oppleve det spanande livet under vatn. Maske, snorkel, våtdrakt og svømmeføtter. Ingen oksygenflasker, ingen kompliserte greier. Vi skal hauste av naturen, både gjennom sanking og undervannsjakt, og vi skal bruke det vi haustar av bær, sopp, fisk og sjømat i mat vi lagar på tur. Du vil lære om kystfiske, og få oppleve havfiske. 300 gram aure på kroken er fint, men kva med torsk på fem kilo?

 

Foto: Ingrid Naustdal Fatland

Foto: Øyvind Korsøen

 

Studieturar til Femundsmarka og Egypt

Foto: Tomas Svendsen

Foto: Thomas Svendsen

På hausten går ferda til spanande og mystiske Femundsmarka. Les meir om Femundsmarka her.

Foto: egypt.travel/

Foto: egypt.travel/

I februar dreg vi på tur til Egypt, landet som alle har eit forhold til. Les meir om Egyptreisa her.

Det gode livet – kva er det

Spørs om ikkje det er dette som er det gode livet? Å vere i pakt med naturen, å vite et ein utgjer ein liten forskjell, og gjere dette blant gode venner som deler dei same gledene. Naturen i Sunnfjord kan måle seg med den finaste vi har i landet. På enkelte område heilt unik. Innanfor to timars reise frå skulen har vi alt frå høgfjell og isbre til elvar, vatn, skog og toppar til fjord, øyar og skjergard. Er ikkje det flott? Vi synes i alle fall det og er veldig stolte av den. Ikkje så verst rein heller, og det skal du få vere med å bidra med. Velkomen!

Foto: Eivind Kise

Nyttig informasjon

NUJ Fridykkarkurs (Norsk undervannsjeger)                                                                   Gjennom fridykkarkurs blir du sertifisert med NUJ Fridykkarsertifikat. Kurset går over fleire dagar og inneheld teori med prøve, praktiske øvingar i basseng og sjødykk med utprøving av dykketeknikk og utforsking av livet under vatn. OBS: Dersom du synes at fridykking virkar skremmande, så kan du slappe heilt av, dette er ingen ekstrem aktivitet og ingen blir kasta i vatnet mot sin vilje! Frykt ikkje!

Våttkort grunnkurs for havkajakk og kano                                                                       Begge kursa er på 16 timar, fordelt på fleire dagar, og gir ei grundig innføring i padleteknikk, kameratredning og tryggleik i kano og havkajakk. Du får sertifikat.

Du kan måtte betale ekstra for slike kurs.

Foto: Birger Helle Fatland

Kva treng du av utstyr?

Du treng generelt friluftsutstyr: Kjøp brukt på finn.no eller lån utstyr frå familie og venner. Det er ein fin måte å spare pengar og miljøet på.

Fjellsekk (Herre 95-100L/Dame 75-85L) Vintersovepose. Liggeunderlag. Vanntette og stødige fjellsko. Regntett/vindtett turjakke og turbukse. Fjellski. Gamasjar. Fotposar. Termos. Hovudlykt. Tjukk ullgenser. Hue, ullvottar med vindvott. Ullundertøy. Speglkompass og kartmappe. Sykkel. Fiskestong til bruk i sjø og ferskvatn (kombistong). Fotokamera (om du har).

 

Fakta om linja

  • I pakt med naturen
  • Fridykking
  • Hauste av naturen
  • Stell av villsau
  • Kajakk og kano
  • Femundsmarka
  • Egypt

Vi reiser til

Linjelærar

Birger Helle Fatland

Birger Helle Fatland

Birger brenn for å formidle gode naturopplevingar. Han er linjelærar på Rein natur. Birger er friluftslivsvegleiar, har mastergrad i Friluftsliv (Høgskolen Bø i Telemark), og har allmennlærarutdanning med fordjuping innan friluftsliv og musikk (Høgskulen i Bergen og Bø). Han har tidligare arbeida som lærar i grunnskulen og som timelærar i friluftsliv ved studie for Friluftsliv, natur- og kulturveiledning på Høgskulen i Bø. Han er særleg glad i solide tyribål, kanopadling, havkajakk, overnatting ute, fridykking, gitar og turar i skog og fjell.

+47 95 11 62 35

 

Nyheiter

Nyheiter fra årets linjer.

Ny lærar på Global Foto – og litt nytt innhald

Arve Ullebø blir ny lærar på Global Foto frå hausten. Han vil også tilføre linja ein heilt ny dimensjon: Dronefoto.

Les meir

– Kvart minutt på Sunnfjord Folkehøgskule var viktig for meg

Les denne! Vi ønskjer at fleire elevar frå Kamam Folk High School, som Mistika, som du kan lese om her, skal få sjansen til å reise til Sunnfjord Folkehøgskule for å få styrken for å bety noko for andre ungdommar på Sri Lanka.

Les meir

Eventyrleg avslutningstur

Det har vore fast vane gjennom fleire år å dra til Nesholmen leirtad på avslutningstur. Sjå denne flotte filmen!

Les meir

Til toppen