Fotografi

Fotolinja vil gje deg kunnskap, erfaring og opplevingar som skapande fotograf. Du kjenner kanskje den gode kjensla frå før? Den du får når du synest at du får til det du har lyst til å greie. Det er slikt som får deg til å like deg sjølv. Viktigaste målet er at du skal få mange slike opplevingar i løpet av skuleåret.


Du får opplæring både i bruk av film/mørkerom og digital teknikk. Mange av oss ser på dei tradisjonelle teknikkane som eit viktig alternativ til det digitale, ikkje som tapar i konkurranse med fancy teknologi. Gammal og ny teknologi hand i hand! Begge har sin plass. Innanfor kunstfotografiet vil tradisjonell mørkeromsteknikk framleis vere den “ekte” vara. Det er det i mørke rommet at det “magiske” skjer, ved bruk av naturlege materialar og dine eigne hender. Pc-en vil aldri gje same opplevinga, men har fordelen av å vere eit kjapt verktøy nærast utan grenser for kva som er mogleg.

Lære å bruke fotoapparatet ditt

Du vil lære å bruke fotoapparatet ditt (speilreflekskamera) og teknikkane i mørkerommet eller i Photoshop på pc, der du utformar det endelege biletet. Har du ikkje peiling? Det er like greitt, for her får du alt du treng av innføring i blendar, lukkar, brennvidder, filmsortar, megapixlar, scanning, printing, kjemikaliar, fotopapir og lampar.

Lær å sjå!

Like viktig er det å bruke tida til å modnast som fotograf. Det tek tid å trene opp intuisjon og teft, noko som trengs for å oppfatte situasjonar som oppstår, og for å uttrykke tankar og kjensler i form av eit bilete.

Det tek også tid å tileigne seg evner og kunnskapar for å forstå korleis biletet er komponert og korleis det virkar på betraktaren.

Utstyr

Vi har stort og godt ventilert mørkerom med 8 arbeidsplassar, kopieringsapparat for film opp til 6x9 cm, filmframkallingsrom, studio, div. mellomformatskamera, stort lysbord, framkallingsmaskiner for farge negativ og positiv film, utstyr for montering av foto og skjering av passepartout.

Pc-ar med Photoshop, negativscannerar, storformatskrivar Epson Stylus Pro 4000.

Turar

Klassa har siste åra reist på ørkensafari i Egypt, 17 dagar på rundreise til dei flottaste reisemåla. Truleg blir det liknande tur neste år. Dessutan har skulen to minibussar som gjer det enkelt å kome seg rundt i nærområda, både til kysten og havet, og til fjordar, brear og fjell. Hugs at National Geografics har kåra dei norske fjordane til verdas mest attraktive reisemål!

foto