Foto Ekspedisjon

Fakta om linja

  • Dokumentarfoto
  • Globalt fokus
  • Digitalt og analogt mørkerom
  • Bildekommunikasjon
  • Kamerateknikk
  • Reiser til Nepal og Sri Lanka
  • Stop Poverty
  • Dronefoto
  • Bygg di eiga drone
  • RO1 sertifiakt

Utforsk verda med kamera. Vi fotograferer for å fortelje og vi fotograferer for å forandre. Lærerik studietur til Nepal og Sri Lanka. Du lærer film og mørkerom i tillegg til digital fotografering sjølvsagt. I tillegg er vår fotolærar også dronepilot, sådu  vil få muligheit til både å lære å fly drone, kunne ta sertifikat RO1, og du vil få muligheit til å bygge di eiga drone.

Velkommen til ein liten visitt innom Global Foto!

Å fortelje historier

Kvar dag reiser tusenvis av fotografar rundt om kring i verda for å fortelje historier om alle oss som bur her. Kvar dag blir det laga bilete som lærer oss litt meir om jorda som vi deler. Nokre gongar blir det tatt bilete som endrar korleis vi ser på verda og set søkelys på aktuelle globale problem. Elevar på Global foto kan vere med på dette!

Nepal og Sri Lanka som reisemål

Les meir om den spennande reisa til Nepal og Sri Lanka. Begge reisene ligg inne i linjeopplegget. Det kan bli historier av det!

På noko av Sri Lanka-delen av reisa vil du få vere saman med resten av elevane på skulen som er på fellestur til Sri Lanka.

Nepal – verdas tak.

Ta ansvar

Elevar på Foto og ekspedisjon reiser til stadar som dei færraste får sjansen til. Vi møter menneske som lever liv som er totalt forskjellige frå våre eigne. Vi skal lære om korleis ei skeivfordeling av ressursane i verda skaper fattigdom, og vi skal lære om korleis vi kan vere med og bekjempe ekstrem fattigdom. Vi skal også arbeide med tema som miljø og klima – både lokalt og globalt.

Opplev Vestlandsnaturen

Du vil få vere med ut i vår fantastiske natur som turistar frå alle land kjem for å oppleve. Du vil få kjenne fellesskapet rundt leirbålet og vakne til naturen sine eigne lydar gjennom teltduken.

Foto og ekspedisjon vil også gi fine naturopplevingar.

Vi reiser på dagsturar og litt lengre turar på Vestlandet, og oppsøker stadar med flott natur og unikt miljø. Blant anna reiser vi til fugleøya Runde på vårsemesteret, og til Stad ytst på kysten. Andre turmål i Norge vil elevane på linja også få vere med og bestemme. I Sogn og Fjordane har vi bygder inst i fjordar, brear og spennande kystmiljø. I nokre prosjekt vil vi også samarbeide med Rein natur-linja.

Utstilling, bøker og personlege heimesider

Vi arbeider aller mest med dokumentar og kunstfoto. Elevane våre arbeider med ulike prosjekt både åleine og i grupper. Gjennom året skal du produsere ulike utstillingar, heimelaga bøker og di eiga heimeside.

Foto: Arve Ullebø.

Brei kompetanse

Målet vårt er at du skal få allsidig kunnskap i fotofaget, med fokus på kommunikasjon og bildespråk. Vi  arbeider i hovudsak med dokumentarfoto og kunstfoto, men også naturfoto, landskapsfoto og portrettfoto og reportasjefoto. Du vil også lære å fly og fotografere med drone. Du vil også kunne bygge di eiga drone sjølv!

Bygg di eiga drone! illustrasjonsfoto

Du får lære dronefotografering, og du får høve til å ta sertifikat for kommersiell drift.

Tilgjengeleg utstyr

Fotoelevar hos oss disponerer eit godt utstyrt studio, og storformatskrivarar for digital bildeframkalling. Vi har også eit mørkerom for analog svart-kvitt-produksjon. Alt utstyret er tilgjengelig i heile skulen si opningstid.

Vidare som fotograf?

Vi ønsker at våre elevar i løpet av skuleåret skal utvikle seg tilstrekkeleg som fotografar at ein kan søke vidare på fotostudier på høgskulenivå. Vi tilbyr rettleiing og porteføljeutvikling for dei elevane som ønsker å søke seg inn på andre fotoutdanningar.

Safari på Sri Lanka

Engasjerte elevar

På Sunnfjord Folkehøgskule trur vi at flinke fotografar også er engasjerte fotografar.

Vi trur at ein gjennom gode visuelle historier kan vere med å fortelje viktige historier om verda vi lever i – store og små historier som er på å forme vår oppfatning av livet rundt oss. Det er mykje kraft i eit godt fotografi og i gode fotohistorier. Denne krafta ønsker vi å bruke til å forandre verda rundt oss!

Her eit tilbakeblikk på moskus-safari og hundekjøring på Oppdal i 2017

Dette skal du lære

  • Bruk av kamera
  • Photshop bildebehandling
  • Digital printing
  • Analogt foto i mørkerom, både sorthvitt og farger!
  • Utstilling
  • Lage fotobok fra scratch
  • Reising
  • Portrettfoto
  • Reportasje
  • Natur og landskap
  • Kunstfoto
  • Fotohistorie
  • Globale tema, bistand
  • Dronefotografering

Vi tilbyr eit breitt, men samtidig spissa fototilbod til våre Foto og ekspedisjon-elevar og bygger på over 20 års erfaring med fotolinje.

Stop Poverty

Vi knytter deler av vårt faglige opplegg til Stop Poverty-kampanjen. Dette er en kampanje som er utvikla av organisasjonen KFUK-KFUM Global. I kampanjen bruker vi eit vidt spekter av aktivitetar med sikte på å skape kunnskap og engasjement og å påverke politikk i Noreg og internasjonalt. Vi på Sunnfjord Folkehøgskule er ein del av Stop Poverty-kampanjen fordi vi også trur at det er menneskeskapt politikk som er skyld i fattigdom. Politikken må motarbeidast på effektive, ikkje-valdelege og tilgjengelege måtar. For oss handlar dette om fotografering, og å fortelle historier om ting som opptar oss, og ting som er viktige å fortelle andre om. Som fotografar og historieforteljarar kan vi gjere verda til ein betre stad!

Noko for deg?

Foto og ekspedisjon er linja for deg som ønsker å fortelje viktige historier med fotoapparatet. For deg som ønskjer opplevingar, utforske Vestlandet i Norge og spennande reisemål med kamera.

Det er ei linje for deg som ønsker å vere ein del av ein verdsomspennande ungdomsaksjon, som jobbar for å utrydde fattigdom og skape fred.

Du treng ikkje å ha fotoerfaring eller vere teknisk interessert for å søke hos oss, men vi ønsker engasjerte elevar. Ungdom som er svoltne på ulike opplevingar, både i innland og utland, og elevar som ønsker å jobbe med tema som solidaritet og rettferdighet og bruke bilete til å forandre verda!

 

Her er bilete og videoar frå nokre tidlegare turar:

Film frå tur til Tanzanania i 2014 laga av elev Therese Riiber Bekkevold:

Film frå tur til Uganda i 2013 laga av tidlegare elev Ingrid Nymoen:

Fakta om linja

  • Dokumentarfoto
  • Globalt fokus
  • Digitalt og analogt mørkerom
  • Bildekommunikasjon
  • Kamerateknikk
  • Reiser til Nepal og Sri Lanka
  • Stop Poverty
  • Dronefoto
  • Bygg di eiga drone
  • RO1 sertifiakt

Vi reiser til

Linjelærar

Arve Ullebø

Arve Ullebø

Arve Ullebø er lærar på Global Floto. Han er yrkesfotograf og har 20 års erfaring med faget han elskar. Han har gitt ut fleire fotobøker, hatt mange utstillingar og blir stadig leigd inn som fotograf til alt frå bryllup til reportasjar i media. Arve har brei erfaring både med digital og analog fotografering. Både reportasje og studio. Han er dyktig i filmframkalling og mørkerom, han meistrar digital bildebehandling, og han er ein dyktig filmredigerar. Han er spesielt glad i å vere ute i naturen. Han er sertifisert dronepilotog vil bruke drone i undervisninga for å lære opp elevane i denne spennande måten å ta film og stillbilete.

+47 90478764

http://ullebo.no/index.html

 

Nyheiter

Nyheiter fra årets linje: Foto Ekspedisjon

Årets store kulturhending på Sunnfjord Folkehøgskule

17. november er datoen for årets store kulturhending på Sunnfjord Folkehøgskule. Vi skal fylle store scena på Førdehuset med elevar, og forhåpentleg heile salen med publikum.

Les meir

Ny lærar på Global Foto – og litt nytt innhald

Arve Ullebø blir ny lærar på Global Foto frå hausten. Han vil også tilføre linja ein heilt ny dimensjon: Dronefoto.

Les meir

Alle våre i New York har det fint

Det har vore ein eksplosjon på Manhattan, men etter våre rapportar er ingen av våre elevar og lærarar berørte av denne. Vi har to linjer i New York i desse dagane.

Les meir

Til toppen