Events Festivals

Fakta om linja

  • Internasjonalt preg
  • Trendy matkonsept
  • DIY Pynt
  • Bistand-events
  • Julemesse
  • Festivaler

Du vil få arrangere mange slags events, som nyttårsball, turneringar, musikal, barnebursdag og internasjonale «celebrations». Då får lære å lage matrettar frå mange land.

Du får lære korleis du arrangerer, marknadsfører og gjennomfører samankomstar der folk skal bli glade og aktive!

Linja har eit internasjonalt preg, på den måten at vi hentar inspirasjon frå mange land sine festar, matrettar og tradisjonar. Skulen har lærarar frå fleire land.

Du vil lære både praktisk gjennomføring, pynting, marknadsføring og matlaging.

Du får også vere med på studietur til Sri Lanka for mellom anna å lære asiatisk matlaging. Dette er også ei fellesreise for alle linjene.

(Meir under bildet!)

Sri Lanka er ei fargerik oppleving både i klede, kultur og mattradisjon!

Dette er nokre av eventane vi kan kome til å jobbe med:

  • Utflukter
  • Internasjonale «celebrations»
  • Karneval
  • Thanksgiving, Valentines Day, Halloween m.m.
  • Høgtider som jul, nyttår og påske
  • Sportsarrangement
  • Julemesse
  • Bistands-events
  • Sesong-temaer
  • Barnebursdag
  • Praksis i festival

Linja blir også asvarlege for støtteapparatet rundt den årlege musikalossettinga.

Dette arbeider vi også med:

  • Besøk på kjende turiststader
  • Marknadsføring via sosiale medier, blogg m.m.
  • Scrapbooking
  • DIY Do It Yourself – pynte med lite pengeforbruk
  • Lys og lyd
  • Fotokurs
  • Storkjøkken, bakst, kaker m.m. Lær av proff konditor.
  • Trendy matlaging
  • Søtsaker
  • Pynting, blomsterdekorasjon
  • Utandørs matlaging med råvarer frå naturen
  • Linja passar alle som har lyst til å lære å arrangere mange typer events. Du må ha lyst til å prøve nye ting, smake ukjend mat og lære aktivitetar du ikkje visste om. Du må vere sosial og omgjengeleg.

    Dette vil du lære

    • Praktisk arrangement, lyd, lys m.m
    • Planlegging, innkjøp, budsjett
    • Invitasjon, påmelding
    • Media: Fotografering, sosiale medier, blogg, tekst for internett
    • Sosiale medier algoritmer (korleis nå betre ut enn konkurrentane)
    • Turneringar, idrettsevents
    • Pynting, dekorasjon
    • Matlaging, bakst, kaker, internasjonal matlaging
    • Matlaging ute med råvarer frå naturen
    • Tema-events

    Våre forventningar til deg

    Vi forventar at du er ein person som er nysgjerrig på å lære, og at du bidreg med gode idear og byr på det du kan. Du er open for mange nye inntrykk, og er ikkje redd for å prøve nye ting og treffe nye folk. Du er oppteken av å lage god stemning rundt deg, samtidig som du har eit auge for at alle rundt deg skal ha det fint. Du har både auger, øyrer, nase og smak!

Idrettsturneringar er en del av det du vil lære. Her frå vår unike sandhall som er oppvarma for heilårsbruk. (Den kan du sjølvsagt også få bruke sjølv også!)

Julemessa er eit av dei store arrangementa vi gjer kvart år. Eventlinja er med.

Fakta om linja

  • Internasjonalt preg
  • Trendy matkonsept
  • DIY Pynt
  • Bistand-events
  • Julemesse
  • Festivaler

Vi reiser til

Linjelærar

Kristy Ledene Johnson

Kristy Ledene Johnson

Kristy er ein ekte "foody" frå Canada som har budd mange år i Norge. Ho er langt over gjennomsnittet interessert i internasjonal matlaging og forskjellege feiringar og events. Ho er lærar på Events Festival-linja. Kristy er gift med Todd som er lærar på Volleyball. Dei har to barn.

+47 98049895

 

Nyheiter

Nyheiter fra årets linje: Events Festivals

Årets store kulturhending på Sunnfjord Folkehøgskule

17. november er datoen for årets store kulturhending på Sunnfjord Folkehøgskule. Vi skal fylle store scena på Førdehuset med elevar, og forhåpentleg heile salen med publikum.

Les meir

Til toppen