
Foto: Arne Håberg
Av EINAR TROVÅG “Firda” www.firda.no
Sunnfjord møtte Wang Toppidrett i finalen. Det første settet enda med 34–32-siger, før Wang vann det neste 25–18. Det tredje og avgjerande settet vart ekstremt nervepirrande, men Sunnfjord gjekk sigrande ut med siffera 15–11.
– Vi spelte ei veldig god turnering. Dei fire kampane før finalen var veldig velspelte. Så også med det første settet i finalen. I det neste presterte vi ikkje. Spelarane vart for avslappa og mista kontrollen. Heldigvis heva vi oss veldig i det siste, oppsummerer Sunnfjord-trenar Marcelo Penner.
Han meiner det var svært høgt nivå på det spelarane hans presterte i Steinkjer.
– Eg hadde veldig gode spelarar på laget mitt. Fleire av dei held eit høgt internasjonalt nivå. Det er likevel stort å vinne ei nasjonal turnering, meiner den brasilianske trenaren.
Beste skule
Sunnfjord folkehøgskule stilte med tre lag i skule-NM, medan Hafstad vidaregåande var representert med to. Alt i alt kom alle godt frå det. Mixed-laget til Sunnfjord tok sølv. Hafstad sitt gutelag kom på 5. plass. Sunnfjord og Hafstad møtte kvarandre i kampen om 5. plassen i jenteklassen, der Hafstad kom sigrande ut.
– Kjempeflott av alle laga frå Førde. Spesielt kjekt at Sunnfjord vart beste skule totalt, meiner volleyballærar Magne Hornnes.
Sunnfjord kunne også skryte av å ha med fire spelarar på turneringas «All Star Team»: Tom Emil Foslid, Mathias Brøndbo, Martin Støyten og Vitor Macedo. Sistnemnde vart også kåra til beste oppleggjar i skule-NM.
Etter turneringa reiste volleyballinja ved Sunnfjord folkehøgskule på treningsleir til Brasil.
einar.trovag@firda.no