Skulen arrangerer ulike kurs og reiser gjennom eit skuleår. Dei er opne for dei som er over 16 år. Ved å vere med på våre kurs og reiser, blir du registeret som elev på eit av våre korte kurs. Det inneber at du må fylle ut eit registreringsskjema som skal sendast inn som dokumentasjon til overordna myndigheit.

Skulen arrangerer fleire reiser i 2018 som alle kan melde seg på. Alle våre studiereiser har eit klart pedagogisk målsetting. Nedanfor finn du turane i kronologisk orden!


Koptiske Kairo 7. – 15. april 2018 

Biskop Thomas stifta Anafora Retreat. Eit besøk hit er ein viktig del av turen.

Bli med ei reise til det Koptisk kristne Kairo. Ei reise der du ikkje berre er turist, men også nysgjerrig og kunnskapssøkande.
Korleis er Egypt i dag – fleire år etter den arabiske våren? Korleis lever vanlege egyptarar i dag? Korleis er det å vere kristen (Koptisk) i eit land som er styrt av islamske lover? Finst det motsetningar, eller er det noko vi går rundt og trur? Eller kanskje dei ser på seg sjølve primært som egyptarar, og at motsetningane er medieskapte? Korleis er det Kairo som nyheitene ikkje viser?
Dette er nokre av spørsmåla vi vil prøve å finne svar på. Reiseleiar er Arne Håberg.

Turen er tenkt for dei som er første gong i Kairo, og som ønskjer å vite meir om koptisk kultur.

Du finn meir informasjon om program, påmelding og prisar her.


Sri Lanka 8. – 20. juni 2018

Ville elefantar er ei av dei store naturopplevingane på Sri Lanka.

Sri Lanka vart kåra til verdens reisemål for 2013 av Lonley planet. Landet er ei natur og kulturperle. Heile 8 stader er på Unescos  verdensarvliste. På turen skal vi besøkje 5 av desse stadene. Landet var ramma av borgarkrig i 30 år fram til 2009. Reisa vår er ikkje berre ei reise for å oppleve natur og kultur, men for å møte på det omfattande kristne og sosiale arbeidet som blir drive av YMCA på Sri Lanka. Vi skal besøkje Kamam folk high school, og få treffe fleire av dei elevane som har vore på Sunnfjord folkehøgskule dei siste åra. Vi skal dessutan få møte personar som star I aktivt arbeid mellom ungdom og utfører viktig bistandsarbeid.

Du finn meir informasjon om program, påmelding og prisar her.


Sør-Afrika 1. – 13. oktober 2018

Både kulturelt og naturmessig er Sør-Afrika eit av dei mest varierte og vakraste landa i verda, vert det sagt. No har du sjansen til å kunne avgjere sjølv om det er sant. Bli med på ei opplevingsreise til Sør-Afrika!Stader som ligg inne i programmet: Johannesburg og Pretoria, Kruger Nasjonalpark, Mossel Bay, Cape Town.

Reiseleiarar: Leon Haugsbø og Inger Helene Nordeide.

Du finn meir informasjon om program, påmelding og prisar her.