Vekas ansikt: Lars Håberg

Lars kom til Sunnfjord Folkehøgskule alt for 28 år sidan. Ikkje som tilsett, men som nyfødd. Som trekkfuglane som kjem att frå Afrika, Midt-Austen eller andre stader, så kom han tilbake til fødestaden att.

Vekas ansikt: Daniel Lira

Daniel Lira er den nyaste av brasilianarane våre. Han begynte i august 2014, tilsett i hovudsak for å få fart på Sunnfjordhallen Beach Center. Han er ein dyktig trenar med spesialitet i alle slags idrettar det går an å drive med i sand. Fint for oss som har ein så bra sandhalll, og fint for oss nordmenn som kan svært lite om dette frå før.

Vekas ansikt: Marcelo Penner

Marcelo er den brasilianaren som har jobba lengst på Sunnfjord Folkehøgskule. Vårt forhold til Marcelo startarta i 2003 på Copacabana, der han har trent alle dei beste brasilianske laga, og det vil vi gjerne ha litt av æra for vi andre også.

Vekas ansikt: Magne Hornnes

Magne er ein av veteranane på Sunnfjord Folkehøgskule, i nærare 20 år har han vore sjefen for volleyballinja. Ryktet vil ha det til at han er den mestvinnande trenaren i landet, med over 20 NM-gull i ulike aldersbestemte klasser. Grease Sunnfjord Folkehøgskule

Vekas ansikt: Erlend Os

Skulen sin overkvalifiserte organist og pianist kan brukast til meir enn allsangkomp. Han er hovudlærar på Musikal, og også inne på Global Reise.

Vekas ansikt: Are Gunnar Korsvoll

Are Gunnar er lærar på Fotballinja, og han har fortid som fotballspelar i 2.divisjonslaget Førde, men er glad i det meste som har med idrett å gjere.

Vekas ansikt: Todd Johnson

Todd er lærar på Volleyballinja. Vi har vore ute etter Todd i mange år, og endeleg lukkast det å få han til Førde!

Vekas ansikt: Anders Alvaro Nydal

Anders er frå Florø, og vil nok aldri bli anna enn det. Sjølv om det var ei tungt avgjersle å ta, så har han no busett seg i Førde. Det er vi meir glade for enn Florø-væringane.