Vekas ansikt: Daniel Lira

Daniel Lira er den nyaste av brasilianarane våre. Han begynte i august 2014, tilsett i hovudsak for å få fart på Sunnfjordhallen Beach Center. Han er ein dyktig trenar med spesialitet i alle slags idrettar det går an å drive med i sand. Fint for oss som har ein så bra sandhalll, og fint for oss nordmenn som kan svært lite om dette frå før.

Verdas lengste sandvolleyballkamp – er det realistisk?

Det får vi svar på torsdag 13. november. For i dag 12. november startar forsøket på å slå den gamle rekorden på 25 timar. Dei som har spelt ein time i sanden veit korleis det kjennest ut, så her er det all grunn til respekt om dei lukkast!

Dette er også Førde!

Vi har no gjort om Sunnfjordhallen frå industrihall til staden du drøymer om når termometeret kryp nedover. Eit 180 kvm stort bilete trykt på polyesterduk blei hengt opp i starten av november.

Fire verdsmeistrar opnar Sunnfjordhallen

Sunnfjord Folkehøgskule inviterer til opning av Sunnfjordhallen laurdag 24. november klokka 12.00. Det er heilt uvanleg at to verdsmeisterlag kjem på kort visitt til Førde for å vere med på eitt enkelt arrangement.