Alle våre i New York har det fint

Det har vore ein eksplosjon på Manhattan, men etter våre rapportar er ingen av våre elevar og lærarar berørte av denne. Vi har to linjer i New York i desse dagane.

Elevprofil – Lene Risholt Thorbjørnsen

I tida framover vil vi på nettsidene våre presentere ei knippe med noverande og tidlegare elevar på Sunnfjord Folkehøgskule. Vi håper å kunne vise fram den veldig varierte elevmassen vi har og la elevane fortelje om korleis det er å vere elev hos oss. Denne veka presenterer vi tidlegare fotoelev Lene Risholt Thorbjørnsen.

Rafting på Jølstra

I det siste har vi verkeleg nytt det gode vestlandsvêret her på skulen. På onsdag drog linjene Global Reise, Global Foto, Global Sri Lanka og Friluftsliv og Foto til Jølster for å rafte. Det var gøy!

Bistandsløp i Førde sentrum

… og jammen blei det dans også! Utruleg kor gøy det kan vere med regnver dersom ein ikkje bryr seg om det Elevane arrangerte bistandsløp til inntekt for Kamam Folk School på Sri Lanka.