Skulen i saman med elevlaget inviterer til jubilantstemne laurdag 26. mai 2018.

Jubilantstemnet går over ein dag, men det blir høve til å overnatte ved skulen for dei som ønskjer det.

I år er det følgjande årskull som får invitasjon:

1947/48, 1952/53, 1957/58, 1962/63, 1967/68, 1977/78, 1987/88

Det vert god tid til jubilantsamling før middagen. Kjekt om du vil ta kontakt med «ditt kull» så de kan få flest mogleg til å treffast.
Fleire gonger opplever vi at dei som bur nærast  ikkje møter fram, til stort sakn for dei som har reist lange vegar for å møte mange frå sitt kull.

Vi kjem tilbake til program, påmeldingsinfo og prisar seinare!

 

Praktisk kurs 1947. Foto: Reiakvam.