Skulen ønskjer å arbeide aktivt med bistand, både pedagogisk og ved innsamling av midlar. 
Siste åra har vi vore involverte i oppstart og drift av Kamam Folk High School, den første folkehøgskulen på Sri Lanka. Denne opna i 2015. Les meir om det på denne saka om opninga av Kamam.  
Vi har planar om gjere bistandssatsinga endå breiare i tida som kjem. Linjer som har spesielt fokus på bistandsarbeid er Global Foto, Utforsk Sri Lanka og Global Reise.
I tillegg er alle elevane på skulen aktive i våre bistandsprosjekt.

Vi arbeider kontinuerleg med å skaffe midlar for å halde kamam Folk High School i drift. Her er to nye tiltak der alle skulen sine venner kan vere med å bidra:

Bli fastgjevar – støtt Kamam FHS

Kamam treng fleire faste gjevarar. Ved å fylle ut skjemaet som du kan laste ned her, vil du kvar månad gje eit fast beløp til skulen.

Kostnadene per semester (16 veker) for ein elev på skulen er 7 000 kroner. Di gåve er med på å sikre ein stabil kvardag for både tilsette og elevar. Dei fleste elevane på Kamam kan ikkje sjølve betale for skulegangen og er avhengige av å søkje skulen sitt gratisstipend. Dette kan vi vere med å støtte!

Kvart semester er det om lag 30 elevar på skulen som kjem frå alle kantar av landet og tilhøyrer ulike etniske folkegrupper og ulike religionar. Felire av elevane har opplevd krig og konflikt på nært hald og får hjelp til å  bearbeide stress og traumar på skulen.

Via organisasjonen KFUK-KFUM-Global blir gåvene vidarsende til Kamam Folk High School.

Interessert i linja Utforsk Sri Lanka?

Denne videoen presenterer Kamam Folk High School slik den framstår i haustsemesteret 2015.

Hyggeleg å vere nemnt! Det er mange som har æra, alle elevane våre dei tre siste åra, og mange tilhengarar av prosjektet.

Frå opninga av kamam Folk High School. Kjekt å bli heidra på denne måten!

 

Kjøp gåvebrev, gje bort ei gåve med meining!

Vi har alle våre bekjente som har alt, og vi slit med å gje bort noko meiningsfullt, anten det er til jul, fødselsdag eller mors- og farsdag. Her ei løysing: Gje bort ferdig betalt skulegang for ein elev på Kamam FHS! Støtt nokon som treng ei gåve, og gje meining til den som har det meste.

Eksempelvis kostar det kr 500,- å halde ein elev på skulen i ei veke. Då får dei kost og losji i tillegg til skulegang. Dei fleste av elevane er stipend-elevar, det vil seie at dei ikkje har penar til å betale for skulegangen. Dei er avhengige av at dei får dekka dette via eit stipend dei kan søkje på. Du kan vere med og gjere dette stipendet tilgjengeleg slik at dei kan fylle opp alle dei 32 internatplassane på skulen. gavekort 500

Du kan kjøpe gåvebrev pålydande 200 kr, som tilsvarer tre dagars skulegang, 300 kr for fire dagar, eller 500 kr for ei vekes skulegang for ein elev. Gåvebreva kan du laste ned her:

Tre dagar – kr 200,-

Fire dagar – kr 300,-

Ei veke – kr 500,-

Beløpet skal overførast til konto 3705 09 47778


Dette har skjedd på Kamam Folk High Shool

Hovudbygningen.

Her ser vi hovudbygningen på Kamam før og etter restaurering.

Her kan du sjå fleire bilete som viser kor store endringar som har skjedd med bygningane og skuleområdet på Kamam Folk High School på Sri Lanka etter at vi starta samarbeidet.

Dette er jo sjølvsagt kun dei ytre endringane, kva som skjer med elevane og personalet er vanskelegare å vise i ein slik bildeserie! Vi håper å fortelje mange historier om den sida i tida som kjem.

Reiste til Kamam Folk High School

Dei er blitt glade i Sri Lanka og ønskjer å bidra med tid og ressursar for å vere med å hjelpe. Maiken Molden Jensen, stipendiat, og Camilla Hylland Skogheim, miljøarbeidar, reiste til Kamam i ein månad i sommaren 2015!

Dei var blant dei heldige som fekk vere med på opninga av skulen hausten 2014, og dei har vore med på studietur til Sri Lanka også som elevar. Vi ønskjer dei lukke til og god reise!

Les om opninga av Kamam her.

maiken_og_camilla

Maiken Molden Jensen og Camilla Hylland Skogheim reiser som frivillige for å arbeide ein månad på Kamam Folk High School til sommaren.