Elevstemnet 2009

Elevstemnet 6. – 7. juni samla ikkje dei store skarane av jubilantar i år. Men dei som kom, gav uttrykk for at dei hadde hatt stort utbytte.

Det var 20,-30-, 40-, 50-, 55- og 60-års- kulla som møttest. Årsmøte, allsong, kulltreff, festkveld og meir til var menyen styret i elevlaget, i godt samarbeid med dei tilsette, kunne by på.

Valnemnda hadde hatt ein lett jobb i år, med di alle (unnateke eitt varamedlem) tok attval. Dei faste medlemene i styret er :

  • Kjell Hauken
  • Gunnar Flatland
  • Wenche Holmeset Bruket
  • Aud Else Nybø
  • Jorunn Knapstad (skulen sin repr.)

På festkvelden kåserte undervisningskapellan Ingvald Frøyen, Eirik Dahl song solo, fungerande rektor Øyvind Høstaker orienterte om skulen i notida, to jubilantlag konkurrerte i ein songleik, 30-års-jubilant Oddvar Etnestad stod for eit humoristisk skråblikk. Fungerande inspektør Ruth Berit Garfors leia det heile på ein lun måte.

Eit lynlotteri som vart trekt under festen gav kroner 5.300,- i inntekt.

Søndag var mange av jubilantane med ved friluftsgudstenesta på Langebrutorget i sentrum av Førde.

Kjøkkenet sytte for god og rikeleg føde, slik dei alltid har for vane.

Gunnar Flatland

Årsmelding for Solvanglaget 2008 – 2009

Årsmøtet 2008
Årsmøtet vart halde 31. mai i samband med elevstemnet. Omlag 20 personar til stades.
Møteleiar: Gunnar Flatland
Skrivar: Åse Standal Skotoff

Årsmeldinga lesen av skrivar. Godkjend utan merknader.

Rekneskapen presentert av Arne Kirkeli. Godkjend utan merknader.

Val:
Åse Standal Skotoff og Arne Kirkeli tok ikkje attval.
Gunnar Flatland tok attval for eitt år.
Kjell Hauken tok attval for 1 år.
Nye i styret: Wenche Holmeset Bruket (for 2 år) og Aud Else Nybø (for 2 år)

Varafolk: 1. Rønnaug Bakke 2. Audun Håland 3. Atle Savland (alle for 1 år)

Revisor: Henry Nygård (attval for 1 år)

Valnemnd: Solrun Osland og Kjellfrid Osland (attval)

Rektor Jorunn Knapstad orienterte om aktiviteten på skulen. God tilgang på elevar til komande år. Diverse kursaktivitet. Påbygging av internatet. 30-års-jubileum for Solvang Barnehage, som skal utvide med fleire avdelingar.

Lotteri: I skulen sin regi. Startar sal av lodd under stemnet, trekking våren 2009.

2.
Elevlaget har ikkje vore konstituert med leiar, nestleiar, skrivar og kasserar i inneverande år.

3.
Styret har hatt 4 møte og drøfta desse sakene:
a) Førebu komande elevstemne med programinnhald
b) Finne namn og adresse til alle jubilantane, kulla 20-30-40-50-55-60
c) I samarbeid med administrasjonen sende ut invitasjon til jubilantane
d) Kontakte aktuelle personar til programinnslag på festen
e) Drøfte tidspunkt for neste års elevstemne

4.
Varafolk har vore kalla inn til styremøta, men ikkje møtt

5.
Økonomi:
Det har ikkje vore eige lotteri for elevlaget eller anna form for økonomsk aktivitet i inneverande år.
Saldo i Sparebanken Sogn og Fjordane er pr. d.d. Kroner 12.588,95.

Førde, 4. juni 2009 Gunnar Flatland