Jubilantstemne

Skulen inviterer til Jubilantstemne 28. mai 2011
Programfolder med påmeldingsinformasjon kan du  laste ned her.

Skulen i saman med elevlaget inviterer til jubilantstemne laurdag 28. mai
2011. Jubilantstemnet går over ein dag, men det blir høve til å overnatte til
søndag for dei som ønskjer det.
I år er det følgjande årskull som får invitasjon:
1940/41, 1945/46, 1950/51, 1955/56, 1960/61, 1970/71, 1980/81, 1990/91.
10 og 5-årsjubilantar (2000/2001 og 2005/06) blir inviterte til samling
andre tider, sjå her.
Det vert god tid til jubilantsamling før middagen. Fleire gonger opplever vi
at dei som bur nærast, ikkje møter fram til stort sakn for dei som har reist
lange vegar for å møte mange frå sitt kull.
Program for dagen:
12.30 Lunsj
13.15 Orientering om skulen, allsong/kor
Omvising
15.00 Jubilantsamlingar
18.00 Festmiddag
20.00 Festkveld

Prisar: Alle måltid på programmet laurdag kr 280
Overnatting til søndag, m/ frukost
- enkelt rom u/ bad kr 360
- enkelt rom m/ bad kr 450
- dobbelt rom u/ bad kr 275
- dobbelt rom m/ bad kr 335

Har du spørsmål, kontakt telefon 57 82 99 60 eller  e-post: kontor@sunnfjord.fhs.no