E-post frå SOS 2.februar Publisert tirsdag, 2.februar 2010, kl 10:33
Oppdatert: fredag, 5.februar 2010, kl 13:52

Hei alle sammen!

Ein liten rapport frå oss i Ecuador.Ecuador 2008 015

Vi er no i Cuenca, som ligg på ca 2600 m. På veg hit var vi oppe i 4167 m.o.h.

Vi har vore i slummen i Guayaquil, der vi besøkte ei døv jente i heimen, og også lille Alejandro som bur saman med bestemor, fordi mora ikkje ville ha eit utviklingshemma barn. Vi var også på besøk på fotballprosjektet, der SOS- elevane fekk heile gjengen på fotballbana med på ulike leikar, til stor begeistring for ungane der. Vi hadde fotballkamp mot elevar på sommarskule som dei norske volontørane held, og der gjekk vi hen og vann!Vi besøkte fleire som hadde fått mikrolån, og såg kva dei hadde fått til ved hjelp av små lån frå misjonsalliansen.No har vi vore to dagar på stranda i Playas, og har fått god farge. Over halve gjengen har også fått rastafletter.I morgon skal vi besøke eit gutefengsel, men også m.a eit museum om indianerkulturen.Vi har med oss nærare 100 kg med klede og skuleutstyr som vi skal ta med til ein indianerlandsby i Canjar- provinsen.Nokre har vore litt småsjuke, men elles har vi det fint!

Helsing

Ruth Berit

Dette innlegget ble publisert i Linjeblogg SOS aktiv.