Hei!
No er vi i Banos, og her blir det litt shopping.
I dag har vi vore paa ein indianerskule langt oppe i Andesfjella. Der fekk vi levert det vi hadde med oss av boeker og blyantar til elevane, og masse klede til landsbyen elles. Vi vart teke imot med sang av elevane, og deretter av modrene i flotte indianerklede. Heile landsbyen maatte faa med seg den sjeldne begivenheten at ein stor buss kom opp dei svaert smale og svingete vegane opp til landsbyen. Sjaaforen fekk applaus etter den bragden det var. Standarden var elendig samanlikna med norske vegar, og vi er berre glade for at det ikkje var regn!
Vi har ogsaa vore i eit gutefengsel som i fjor, og elevane hadde volleyball og fotballkamp med dei innsette. Nokre av jentene vart veldig populaere, for det er jo ikkje kvar dag jenter kjem paa besoek!
Om to dagar set vi kursen mot jungelen. Det gler vi oss til!
Ha det bra saa lenge!
Ruth Berit