Etter ein liten snartur innom Aberdeen havna vi til slutt i Manchester. Det var igrunn berre aa legge seg inn paa hotellet, staa opp neste dag og gjere seg klar til kamp. Spesielt Stig og Joachim, som dei Manchester United supporterane dei er, hadde store auger heile dagen. Old Trafford stadion tar ca 75000 tilskodarar og underholdningsverdien i aa sjaa paa folkemassane samtidig som ein ser kamp gjer at det blir ei artig oppleving.
Dei siste minutta kom det inn ein tidlegare Molde-spelar for United. Han motte vi paa Nordvestcup i Molde i haust. Litt spesielt aa plutselig sjaa Mame Biram Diouf springe ut paa bana omkransa av ei slik folkemasse.

Paa sondag hadde vi avtalt aa mote Christian Kalvenes som spelar for Burnley. Byen ligg ein liten times koyretur nord for Manchester. Burnley er ein klubb som er i motsatt kategori av Manchester United. I United er stjernefaktoren stor og anlegget er av beste klasse, medan i Burnley er forholda ganske saa annleis. Smaa garderobar med berre nokre faa dusjar, gammalt tribuneanlegg og generelt sett slitte forhold. Som Stig sa det: «Vi har det faktisk betre i Volda.» Men til tross for dette saa gaar det an aa spele i Premier league. Christian Kalvenes tok oss med rundt paa stadionomraadet og fortalde om klubben og mange artige historier fraa innsida av
klubben. At han tok seg tid til aa mote oss tidlig ein sondags morgon satte vi stor pris paa. Trur ikkje det er mange av stjernene i Premier league som hadde gjort det samme. Av den grunn maatte vi gi han ei gave som takk for hjelpa. Og kva er meir naturlig aa gi han ein ekte Sunnfjord folkehogskule buff.
Mandag kom vi til London. Saa langt har vi sett Big Ben, Buckingham Palace, Tower of London, London eye, sett ein fotballkamp til(Fulham-Burnley), tatt undergrunnsbana veldig ofte og ete masse pizza.

Mvh
Are Gunnar
Bilde 1 og 2: Kamp mellom Manchester – Portsmouth
Bilde 3: Vi moette Christian Kalvenes som spelar for Premier league klubben Burnley. Han ga oss privat omvisning paa stadion. Som takk for den gode servicen fekk han ein Sunnfjord fhs buff.
Bilde 4: Omvisning av Christian Kalvenes paa Turf Moor stadion.
Bilde 5: Stig prover ut dusjen i Burnley sin garderobe og kan konstatere at det er like bra i Volda.